Skip to content

november 9, 2010

øl på schouskjelleren

Når eg no har fått Schouskjelkleren mikrobryggeri i nabolaget har eg muligheten til å stikke innom for å sjekke kva dei til ein kvar tid har av lokalbrygga øl. No i desse juleøltider var eg snar med å stikke innom når eg såg at dei hadde fått sitt lokalbrygga juleøl på fat. Men først: 4 andre sortar som har blitt servert på Schouskjelleren i det siste. Eg noterar stort sett lukt og smak i stikkordsform når eg smakar på øl , kanskje du har andre smakar og lukter på akkurat desse sortane, men her iallefall mine inntrykk:

Batch x 5.5%, winter ale: lukt: søt humle, dette lovar godt smak: fyldig søt ale, god humle, hint av mørk honning, god finish – masse malt sødme, kunne fått stått litt lengre og modna seg før den blei servert, betre etter at den har fått varma seg opp litt. Dette er eit øl eg kan nyte lenge!

Wit 5.1%: lukt: sitrus, litt anonym, smak: lett weiz beer, sitrus, syrlig, grei fylde, eplejuice i tilslaget. Ok sommarøl.

Thunderbearstout 4.8% lukt: lite, overranskande lite! smak: kaffi, krema brente bønner, tørr finish! Hint av lakris, brent ved

Blondilox 5.7% lukt: sitrus smak: mjuk weiz beer, masse bobler, friskt, litt syrlig, lett tørr finish. Her snakkar vi vår og yr!

Så til juleølet. Endeleg har Schouskjelleren fått den tida dei trengte for å komme opp med eit øl som verkeleg passar seg. Vist dette er indikasjon på kvaliteten som kjem (eg har merka ei betring sidan dei opna ), så kan folk på nedre grunerløkka virkeleg glede seg over ein lokalpub som er komt for å bli!

Juleøl 5.4%: lukt: mørke bær, hint av kaffi smak: mørk malt, djup sødme, lett å drikke, passar til kjøtt, lang fyldig finish. Eg vil ha det her på flaske!

Bildet er tatt med iPhone og er litt kornete, men burde gi eit visst inntrykk på korleis det ser ut i kjellaren på schous plass.

Read more from Noreg, øl

Share your thoughts, post a comment.

(required)
(required)

Note: HTML is allowed. Your email address will never be published.

Subscribe to comments