Oslo Fotomaraton 2011
Da var Oslo Fotomaraton over for i år. Konseptet er enkelt: møt opp kl.11, få utlevert 3 stikkord og eit sjekkpunkt. 3 timar seinar må du innom dette sjekkpunktet, få stempla deltakarkortet og få utlevert nye 3 stikkord som du skal ta bilde av. Kortet i kameraet skal kun innehalde 12 bilder på slutten av kvelden og alle skal ligge i rekkefølge (du kan ikkje gå tilbake og skifte ut eit bilde vist du ser noko meir interessant utpå kvelden), og du skal ikkje redigere noko som helst, kun bruke funksjonar i kameraet.
Eg sa at konseptet er enkelt, men det vil ikkje seie at prosessen er enkel: 12 timar, mangen kaffipausar, internettsøk, gå fra bydel til bydel, trikketurar med nasa klistra til vindauget for å sjå om du kan finne neste stikkord gøymt langs traseen….. I tillegg må ein passe på å ikkje falle i alt for mange klisjear – ikkje gjere ting for openbare. Så når tankevirksomheten går nedover ettersom timane går er utfordringa å kunne klare å komme opp med stadig nye objekt å ta bilder av.
Her er mine 12 bilder med dei stikkorda vi fekk utlevert, kva er ditt favorittbilde?
#1 Hovmod [Pride]
2 minutt etter at eg fekk utlevert første stikkordsark, eg er lett febrilsk på stikkordet «Hovmod» og lurer fælt på om dette er ein dårleg ide: denne plakaten dukkar plutseleg opp.
#2 Grådighet [Greed]
Grådighet – overforbruk – konsumere, eit naudbilde eigentleg, var låst på denne ei stund.
#3 Begjær [Lust]
Utsnitt, alltid tenk på kva du kan få ut av noko som ikkje nødvendigvis ser ut som det du leitar etter.
#4 Misunnelse [Envy]
Dagens lykkebilde: gikk forbi kyrkja og fekk 20 sekund til å fange dette bilder før ho forsvann inn og skulle gifte seg.
#5 Fråtseri [Gluttony]
Lett å ty til sin eigen lunsj på dette stikkordet…..
#6 Vrede
Det lønnar seg å kikke i asfalten og ikkje berre gå med nasa oppover. Refleksjon av vinduet til vinmonopolet på løkka ned i fortauet. Tanken bak denne var den vrede og aggresjon som og er ein konsekvens av alkoholforbruk.
#7 Latskap [Sloth]
Akershus festning i sola, glad for at det var godt vær denne dagen!
#8 Forfengelighet [Vanity]
Sleit lenge med denne, men til slutt så dukka denne opp. Lærdom: gå lenge nok rundt så finn du til slutt noko som passar stikkordet du jobbar med!
#9 Flinkhet [Cleverness]
Blei jo nesten symetri på denne! Her savna eg stativet mitt som eg la igjen heime. Flinkhet er ikkje det samme som cleverness, så her var det litt usikkerhet på kva eg skulle fokusere på, men universitetet dekkar jo begge desse tinga.
#10 Feighet [Cowardice]
Klokka har passert 8 og dei siste 3 stikkorda er utlevert, er heilt i villrede på kvar eg skal starte, kroppen er sliten etter å ha rusla rundt i Oslo i 9 timar. Ser mørkt på heile prosjektet, men ein kjapp tur rundt hausmania og Blå oppfyller alle dei siste 3 stikkorda på 7-8min.
#11 Egoisme [Selfishness]
Kvifor ha gull når du kan ha diamantar?
#12 Kynisme [Cynicism]
Mangen sosiale kommentarar på veggane rundt Blå/Hausmania.
Alt i alt ein flott dag som gjer at du må tenke og være kreativ på kommando innan ein gitt tidsramme, veldig spennande for å utfordre seg sjølv!
Viktig å nevne at ein absolutt ikkje treng det beste og nyaste av utstyr for å være med på ein slik dag (er nok ein del som trur det) – alt du treng er eit digitalkamera, og det er kreativiteten og evnen til å fange augeblikket som er viktig. Sjåast på Oslo Fotomaraton 2012!













Så gøy! #4 Misunnelse er min favoritt. Svært illustrerende øyeblikksbilde som fanger hele konseptet på en veldig bra måte.
Vurderte å melde meg på selv, men så for meg at dette var for folk som er langt mer hard core enn det jeg noen gang kommer til å bli. Neste år vil jeg også være med!
Elisabeth: glimrande, da blir vi ein liten gjeng neste år!