Skip to content

3. september 2011

2

Kaffi: Shakiso Natural

Eg drikk ein del kaffi (spesielt etter å ha kutta ut snus, røyk og brus) og har sakte men sikkert blitt meir interessert i smak, ikkje berre når det gjeld kaffi, men spesielt med tanke på kaffi dei siste månadane. I sommar blei eg tipsa om hasbean.co.uk som da vistnok skulle levere bønner ein gang per veke. Etter ein kjapp tur innom sida blei eit prøve abonnement på 3mnd bestilt, dette måtte jo prøvast: når ein går på kaffibutikk kan ein lett gå i «denne har eg smakt før og er god» fella, men med ein ny type kvar veke som eg ikkje har kontroll over vil smakslaukane bli litt meir utfordra.

Så, no har kaffien komt og eg vil kvar veke skrive litt om bønnene og mine inntrykk av den. Dette blir veldig personleg erfaring, og eg har veldig dårleg kaffi-smake-vokabular enda, men dette vil nok ordne seg ettersom tida går. Smak er interessant og kaffi drikk eg kvar dag, så kvifor ikkje gjere kvardagen meir interessant?

Land: Etiopia
Bryggemetode: Aeropress
Aroma
: Ferskmalt er denne brent syrleg – litt intens, mørksøt jord er det første som fyller nasa, eit hint av bær (godt kamuflert), lukta er generelt tjukk – det er som ei mjuk skodde å lukte på
Smak: mørk brent tjære, mørk syre, lite fylde, tung. Dette var ein intens kaffi. Ok, vi prøvar igjen med litt mindre kaffi og kortare trekking: meir floralt og lettare. Uansett: ein intens kaffi. Prøvde denne i espresso kanne: ikkje veldig vellykka. Veldig intens brenthet
Avslutning: Medium tørr, ligg lenge med ein brenthet over seg

Ok, første kaffi fra hasbean viste seg å by på ein del utfordringar. Eksperimenterte litt med den nye Aeropressen og mengde kaffi så det blei l itt fram og tilbake. Men: denne var litt hardt brent for meg, interessant men kjem ikkje til å kjøpe igjen.

Read more from Etiopia
2 Comments Post a comment
  1. sept 3 2011

    Morsomt prosjekt! Gleder meg til å følge med framover :)

  2. Håvard Eide
    sept 3 2011

    Jo, det her skal bli morsomt! Sitt med ein ny pakke eg fekk i går, må berre ein tur til byn først, så blir det ny blindsmaking!

Share your thoughts, post a comment.

(required)
(required)

Note: HTML is allowed. Your email address will never be published.

Subscribe to comments