Evil Twin: Soft Dookie
Bryggeri: Evil Twin
Type: Soft Dookie
Alkohol 10.4%
Stil: Imperial Stout
Kjøpt på Vika
Farge: Svart diselolje
Lukt: behagleg mørk sødme som ikkje er ufin
Smak: tung mørk stout som er lett og sødmefull samtidig, masse smak på denne, oljete, mørkbrent kaffi og mørk kakao. Men, den har ein god sødme på seg som gjer den ikkje fullt så tung som den kan høyrest ut som. Mørke frukter og diselolje. Mot slutten av flaska blir dette litt i overkant mektig.
Avslutning: Denne sitt i ganen i lengre tid og legg igjen eit oljete lag av stout som du kan smake på lenge
Ein søt-mørk stout som det held meir en nok med ei flaske av om gangen, del gjerne denne med ein venn!

