Barbera D’Alba raudvin
Land: Italia
Produsent: Busson
Alkohol: 14.5%
Ikkje på vinmonopolet si liste, men kjøpt på Vika spesialpol i Oslo for 230.80,-
Lukt: salt, kjøtt(!), einebær(?), bjørnebær – masse tunge gode bær, mørk
Smak: Mørke bær fra lukta kjem over i smaken, vilt, salt, mjuk finish. Mot slutten når den hadde varma seg opp kom det hint av jordbær fram i smaken.
Dekantert og lufta i 2 timar før smaking. Ein vin som det tok litt tid å venne seg til, servert til ytrefilet av hjort. Det er masse smak her men ikkje ein vin du skal drikke aleine, treng absolutt noko vilt/tungt kjøtt attmed.
Whiskysmaking i Oslo
Det er mykje som skjer når det kjem til whisky i Oslo i tida framover:
I kveld har Jon Bertelsen fått over Louisa Young fra Arran for å halde smaking på Bar & Cigar (facebook). Eg har vore på smaking med Louisa fleire gangar, og ho er absolutt verdt å få med seg ( for ikkje å snakke om at Arran sine SC tapningar vi har i Noreg akkurat no er fantastiske!)
19.Oktober: Chris Mail avviklar «Whiskies of the world» smaking der eg skal prøve new-make fra Noreg for første gang (nærmare bestemt fra Levanger)
19. Oktober: The whisky bar køyrer i gang med smaking der tema er: Smaking av Tomintoul og andre Angus Dundee + Meningsytringer om dagens whiskyproduksjon. Ein interessant tema, men eg skal på Chris Mail si smaking den kvelden, så eg får ikkje deltatt her.
4-5. November: Oslo Whiskyfestival er årets største whisky smaking her i Oslo. Dei siste par åra har det blitt meir og meir folk som kjem på OWF men det har blitt mindre med interessante flasker å prøve. Kanskje dette har noko med populariteten? Ikkje veit eg, men eg skal iallefall på Ardbeg + Laphroaig masterclass (mangen masterclass er no utsolgt, så du må henge i vist du skal få tak i ein billett til dei ). Norsk MaltwhiskyLag skal nok ha ein stand i år og der vi kjem til å presantere det vi driv på med, så stikk innom vist du kjem! OWF er ein flott plass å prøve mangen nye tapningar vist du ikkje har smakt alt for masse før, er du i overkant interessert i whisky kan det være litt lite nytt å prøve, men det er nok av folk å prate med, og etterpå går turen til ein av dei gode barane i sentrum: Håndverkerstuene, Jekylls eller The whisky bar.

