Finca de Licho
Land:Costa Rica
Bryggemetode: Aeropress
Aroma: lett, grønt, behagleg aroma som sitt godt i nasa
Smak: fruktig og leskande er det første som treff munnen, den er mjuk og lett på tunga med ein fin lett syre og med ein relativt lav bitterhet, god brenthet på bønnene
Avslutning: lett sjokolade i avslutninga
Dette er god kaffi – lett og leskande i munnen gir den eit særprega spor som du ikkje finn i den standard bitre kaffien du ofte vil finne. nam!
El Bosque Amatitlan Red Bourbon
Land: Guatemala
Bønne: Bourbon
Bryggemetode: Aeropress
Aroma: søtt nøttepålegg, rund, lys melkesjokolade som kom fram når den blei litt kaldare
Smak: brun hasselnøtt, vanskeleg å sette ord på denne…. lite bitter, litt kokesjokolade, blei mjukare og fyldigare i munnen når den blei litt kaldare – da kom og smaken meir tydleg fram
Avslutning: ingen stor avslutning, litt anonym
God kaffi, satte ikkje eit stort inntrykk på meg, men ein litt søt kaffi
Finca Los Miligros
Land: Nicaragua
Bønne: 75% Caturra, 25% Catuai
Bryggemetode: Aeropress
Aroma: Blaut og fuktig, veldig god balanse på nasa
Smak: blaut smak, litt over snittet brent? men ikkje på ein dårleg måte, frisk, syregras, mandel
Avslutning: sakte nedgåande smak som fyller munnen
hasbean hevdar på pakken at denne har fersken, plommer og aprikos – dette fant vi lite av. Ein god kvardagskaffi som representerar kva kaffi handlar om
KaffeAvec: Guatemala
Land: Guatemala
Bryggemetode: Aeropress
Aroma: kakao lukta kom ganske fort, så litt såpe (?!?), det luktar bittert – er det mandlane det står skrive om? Etter ei stund kjem det fram ein del bitre tonar
Smak: lakrisen kom med ein gang! Ein god mørk og rein lakris smak, behagleg brent med ein god fylde, lite bitterhet/syrlighet, man
Avslutning: mandel kom fram i avslutninga, avslutninga er lang og behagleg
Denne blei kjøpt på byporten i Oslo der ei hyggeleg betjening anbefalte denne og ein til, valget falt på denne etter ei kjapp lukterunde og framhevinga av lakris som eg blei interessert i å smake.
Umiddelbar ting eg fekk lyst til å smake sammen med denne: kransekake
El Salvador San Rafael
Land: El Salvador
Bryggemetode: Aeropress
Aroma: nutella søt med jordbær, lyse jordtonar, lett sitrus hint, mjuk og rund
Smak: mørk jord, svidd brødskorpe – blir enda meir framtredande når den blir litt kjøligare, ein litt rar sødme som eg ikkje klarar å sette fingeren på, masse smak – den fyller munnen, hint av sjokolade ein plass – litt vanskeleg å definere
Avslutning: svidd brød ligg lenge uten å bli forstyrrande
Dette er god kaffi som eg kjem til å bestille ekstra av. Masse smak som gjer at den krev ganske masse oppmerksomhet: denne kan eg sitte og nyte.
