Finca de Licho
Land:Costa Rica
Bryggemetode: Aeropress
Aroma: lett, grønt, behagleg aroma som sitt godt i nasa
Smak: fruktig og leskande er det første som treff munnen, den er mjuk og lett på tunga med ein fin lett syre og med ein relativt lav bitterhet, god brenthet på bønnene
Avslutning: lett sjokolade i avslutninga
Dette er god kaffi – lett og leskande i munnen gir den eit særprega spor som du ikkje finn i den standard bitre kaffien du ofte vil finne. nam!
Kaffi: Herbazu Honey Process
Land: Costa Rica
Bryggemetode: Aeropress
Aroma: Nykverna spredde det seg ei nydeleg nøtte-aktig lukt over kjøkkenet og besøket vi hadde var raskt bortom og lukta på denne – store forventningar bygga seg opp! Etter brygging kom nøtte-lukta klart fram, litt florale tonar, det som slår meg med denne er ein meget balansert og rund aroma. Dette er kaffi eg kan sitte og nyte lenge…..
Smak: Det runde/balanserte fra aromaen kom fram igjen her med ein gang, jord-aktige tonar, litt søt bitterhet som gav den ein fin spiss, kakaobønner, god brenthet og ein dominerande smak i munnen – dette er ikkje ein kaffi som berre snik seg unna, du må forholde deg til den! Når den har fått avkjølt seg litt kjem ein rund (freia) melkesjokolade smak fram.
Avslutning: Fin tørrhet på tunga, ligg lenge
På forsending #2 fekk eg da smake noko eg ikkje har vore borti før – ein «Honey Process» (les meir her) kaffi. Dette var søndagskaffien sin det! Kan absolutt anbefale denne til alle, og kjem nok til å bestille meir av dette i framtida. Ein rund og balansert kaffi som eg kjem til å prøve på på folk som har eit sært forhold til filterkaffien sin (evt. til dei som likar søtsaker veldig godt)
Ein ting eg ikkje nevnte i første hasabean post: Eg ser ikkje på kaffiposen og notatane før eg prøvar den – dette blir smakt blindt for så å gå tilbake til posen og sjå kva eg synst i forhold til kva hasbean meinar om den.
