El Salvador San Rafael
Land: El Salvador
Bryggemetode: Aeropress
Aroma: nutella søt med jordbær, lyse jordtonar, lett sitrus hint, mjuk og rund
Smak: mørk jord, svidd brødskorpe – blir enda meir framtredande når den blir litt kjøligare, ein litt rar sødme som eg ikkje klarar å sette fingeren på, masse smak – den fyller munnen, hint av sjokolade ein plass – litt vanskeleg å definere
Avslutning: svidd brød ligg lenge uten å bli forstyrrande
Dette er god kaffi som eg kjem til å bestille ekstra av. Masse smak som gjer at den krev ganske masse oppmerksomhet: denne kan eg sitte og nyte.
Bourbon Jungle
Land: El Salvador
Farm: El Condor Mountain Range
Distrikt: Santa Ana
Høgde over havet: 1400m
Bønnetype: Bourbon
Lukt: Solbær, litt kakao, rein lukt
Smak: Aprikos, sitrus, god lett bitterhet i avslutninga, tørr kakaopulver
Den her er god, kan sitte og smatte på smakane lenge.
Finca Kilimanjaro

Bilde av: http://www.flickr.com/photos/walter_rw
Land: El Salvador
Region: Santa Ana
Produsent: Aida Batlle
Bønnetype: Kenya, Bourbon
Lukt: Mørk frukt, solbær, mjuk avrunda kakao?
Smak: Litt av mørke bær/solbær fra smaken kjem gjennom, kanskje litt vanilje? Behagleg og rund avslutning, lite bitterhet i denne kaffien, sjokolade hint.
Ein god kaffi for søndags formiddag, litt mot Madan Estate i smak, ser at Bourbon bønner er ingrediens i mangen kaffiar eg har likt i det siste.
