Oslo Jazzfestival
Da er første konsert bestilt for Oslo Jazzfestival 2011, Bugge Wesseltoft med Erik Truffaz/Joe Claussell/Ilhan Ersahin på Sentrum Scene.
Da Bugge Wesseltoft ble spurt av Oslo Jazzfestival om å sette sammen noe spesielt for festivalen i 2011 lagde like godt sitt nye drømmeprosjekt med internasjonale musikere han har møtt og samarbeidet med opp gjennom årene.
Drømmen består i å lage det ultimate møtet mellom jazz og klubbmusikk. Det er i disse musikkformene Wessletoft har samlet det meste av inspirasjon til musiken sin. Og hvilket musikalsk møte det skal bli
Dette skal bli eit veldig spennande samarbeid! Av andre konsertar har eg sett litt på Nils Petter Molvær Trio, men og andre som kan bli aktuelle, må berre få tenkt meg litt meir om før eg får tak i fleire billettar.
I relaterte nyhende har Bugge Wesseltoft & Henrik Schwarz komt ut med plata «Duo» (spotify), som og er å få tak i på den framifra sida gubemusic.com der du kan laste den ned i FLAC. Sitt med første gjennomlytting av plata no og kan gjerne tenke meg forslag til liknande jazz-elektronica plater eg bør få med meg (skriv gjerne ein kommentar her)
Bjørvika Business Band
Bjørvika Business Band hadde sin første offisielle konsert i går kveld. Eit forrykande show på Cosmopolite med eit svært entusiastisk publikum gjorde det til ein flott kveld! Vist du ser namnet på ein plakat framover er det berre å stille seg i kø for å få dei med seg!
Her er iallefall nokre utdrag fra gårsdagens konsert.
The Organ Club 16.Mai
16.Mai er det igjen klart for The Organ Club, denne gangen på Cosmopolite og ikkje Belleville som vanleg. Grunnen er enkel: Bugge Wesseltoft har fått med seg ein hær av musikarar denne kvelden, det blir følgande som dukkar opp:
Bugges Jungel ( Superjam)
Bugge Wesseltoft – Hammond B3
Wenche Losnegård – vokal og poesi
Aissa og Abdrrahime Toby (Marokko) – Vokal, og rytmer
Amade Cossa (Mozambique) perkusjon
Ivan Mazuze – Saxophones
Shannon Mowday – Saxophones
Putte Johander – Bass
Erik Nylander – Trommer
Ivan Mazuze Group – South Africa/ Mozambique
South African Grammy vinner som beste jazzplate 2010!
Ivan Mazuze – sopran-, alt og tenor saksofoner, fløyte
Ragnhild Tveitan – tenor saksofon og fløyte
Hanne Tveter – vokal
Arthur Kay Piene – keyboard
Gerardo Orego – bass
Ricardo Sanchez – perkusjon
Uriel Seri – trommer
Shannon Mowday Band – South Africa
Shannon Mowday – Saxophones
Putte Johander – Bass
Erik Nylander – Trommer
Med tanke på tidlegare Organ Club som Bugge har avholdt er det berre å ta turen til slottet på torshov 16.Mai
Rammsund avskjedskonsert
Rammsund er eit band som eg har blitt minna på og blitt oppdatert på med jamne mellomrom dei siste 5-6 åra og hovudsakleg er det min nynorsk bakgrunn, og ikkje musikksmak, som gjer at folk har referert meg til dette bandet. Rock/Metal er ikkje det eg høyrer mest på, men eg har mine augeblikk med hard rock og elektronisk musikk (til stor forskrekkelse for ein del av mine vennar). Så når Rammsund skulle ha avskjedskonsert på John Dee var det første som falt meg inn: Dette må eg få med meg!
John Dee var utsolgt før konsertstart, men å komme fra ei rekke med hiphop konsertar gjennom tidene der det er obligatorisk med DJ + oppvarmingsband for å få folk i gang så var det litt vel stille og roleg den timen eg var der før konserten starta. Dette derimot fekk Rammsund snudd raskt på når dei tok til scena! Mine favorittar for kvelden: «Morgenstjerne», «Hjartet mitt brenn», «Eg vil», «Aske til aske» og eit par andre eg ikkje fekk med meg tittelen på vart spelt med ein stor intensitet. Gråbein (vokalisten) jobba iherdig med publikum (som og innebar klatring i taket over scena) og fekk dei med seg fra start til slutt på den 1t 40min lange konserten der publikum fekk dei ut 2 gangar for ekstranummer på slutten. Musikalsk var det veldig bra, men eg må og seie at lyden var veldig godt skrudd denne kvelden – det var klar og god lyd, når ein da og får eit fint bakteppe av lys under heile konserten er dette ei hending eg er veldig glad for å ha fått med meg.
Kuriositet: første gang eg har høyrt publikum rette på uttalelsen til ein vokalist – i det Gråbein uttalar «mye» høyrer eg kjapt fra mi venstre side: «det heiter mykje!!!»
Takk til Rammsund for det dei har gjort for målsaka og for å levere ein rå konsert i går kveld!












