The organ club
Det kan skje av og til, ikkje så ofte kanskje, men det kan skje; du sett deg ned på ein konsert med ein person du eigentleg ikkje har hatt eit veldig nær forhold til og endar opp, 2 timar seinare, slått ut av stolen av den fantastiske musikken. Dette skjedde for litt over eit år sidan når eg såg «It’s snowing on my piano» konserten med Bugge Wesseltoft. Det som har fasinert meg med Bugge er den allsidigheten han har: dette fekk eg første gang oppleve i fjor på min første «The Organ Club», og igjen i går kveld.
Belleville på Soria Moria er ei intim lita scene med plass til kanskje 100 stk, i går derimot var det berre ca. 25 personar som hadde tatt turen for å få med seg denne konserten. Eit altfor lavt tall og det såg heller glissent ut i lokalet: kvar er folk? Her er det berre å kjenne si besøkstid og møte opp neste gang «The Organ Club» samlast!
Ok, nok om det og over til musikken: The Organ club møtest på Torshov ein gang i blant med Bugge som maestro og nye deltakarar kvar gang. Den intime scena gjer at ein får eit godt og nært forhold til musikarane på scena. Kvelden var delt opp i to delar der første del bestod av Hammond orgel, trommer og bassgitar, etter pausa kom det med ein trompet, tilsammen snakkar vi om 2 timar og 10 minutt med pause.
For meg var første settet det beste: trommisen var han som imponerte mest i løpet av kvelden – rytmen, gehøret, samspelet, det genialt gale over musikken var nok til å ville sjå vedkommande igjen på eit seinare tidspunkt! Bugge på Hammond Orgel er jo og eit imponerande skue: betre innleving på tangentane skal ein leite lenge etter!
Dette kan eg like – ikkje berre er det jazz, men og elektronica, funk, rythm & blues, roleg jazz, eksperimentell «bråke-jazz» (finn ikkje noko betre ord for akkurat det no) og opptill fleire andre sjangrar gøymt innimellom.
Vist du var på konserten og kan komme med anbefalingar på noko eg kan lytte på som går i sporet til første del av konserten så vennlegst ta kontakt.
Bugge på belleville neste veke
Neste veke er det igjen klart for «The Organ Club» med Bugge Wesseltoft på Belleville (Cosmopolite) i Oslo. Eg var på konseptet før jul og det var meget bra, så her er det berre å møte opp.
The Organ Club har skiftande personar som er med, og denne gangen vil følgande stå på scena:
Bugge Wesseltoft – Hammond B3 – Effekter
Jo Berger Myhre – Bass og Baryton Gitar
Bendik Hovik Kjeldsberg – Trommer
Eivind Lønning – Trompet
Konsertar i mars
Dei siste par åra har det vore nok av gode konsertar i Oslo, og no i Mars bør alle kjenne si besøkstid og møte opp på følgande:
Common 24.Mars
Common har eg sett eit par gangar og han har levert kvar einaste gang. No derimot stiller han på Rockefeller med fullt band den 24.Mars (har ikkje sett han med fullt band før)! Common kjem med nytt album i 2011: The Believer, dette trur eg kan bli ein klassisk konsert som du ikkje bør gå glipp av!
Nas 29.Mars
Nas gav i 1994 ut «Illmatic«, dette er eit av albuma eg har høyrt mest på gjennom tidene, no kjem han til Oslo og Sentrum Scene den 29.Mars. Nas har hatt ei brokete fortid når det gjeld konsertar i Noreg, men dei siste par gangane har han faktisk møtt opp, så eg håpar på at denne positive trenden fortsett denne gangen og!
Ein ekstra bonus på Nas konserten er at Raekwon er booka som oppvarmingsartist. Eg har ikkje sett nokon av desse to live enda, men tilsammen har dei levert to album på mi topp 10liste over beste album nokon gang, så dette skal eg ikkje gå glipp av!
Pumba, Chirag, Danny & OnklP
Litt laurdags musikk: Pumba har fått med seg Chirag, Danny og OnklP på ein ny låt produsert av Nasty Kutt: Stil
Bilde fra The Organ Club
Eit stemningsbilde fra «The Organ Club» konserten eg var på tidlegare. Legg merke til Hammond orgelet til Bugge: lyden i det instrumentet er fantastisk!
