bugge wesseltoft
Eg fekk mitt første skikkelege møte med Bugge Wesseltoft for eit år sidan da eg blei bedt med på «It’s snowing on my piano» julekonsert her i Oslo. Etter dette har eg høyrt på musikken til Bugge mest gjennom Spotify og ikkje fått med meg nokon fleire konsertar. Men det er ein musikk eg tar fram når eg skal ha meg ei roleg stund eller berre slappe av litt.
I går derimot var det tid for «The Organ Club» på belleville som ligg i Soria Moria, «slottet»på Torshov, og avslapping var det ikkje snakk om i det heile! Programmet blei beskriven på følgande måte:
Bugge ønsker å gjenskape stemningen fra Amerikanske «After Hours Barer». Cool stemning, Herlig Orgel musikk med røtter i 60 og 70 talls Amerikansk Jazz,Soul, Funk og Space musikk. Kom Kom!!
Gjennom 2 sett på henholdsvis 50 og 60 minutt holdt «The Organ Club» oss fast fra første stund! Det var ein energi og utstråling fra dei fire på scena som var ubeskriveleg, og musikken var som beskriven over ei god blanding av ymse stilartar men dette blei beherska med stor overvbevisning! Det var spesielt å ha sett Bugge kun på «It’s snowing on my piano» konserten for deretter så å sjå han i denne intime settinga (maks 100stk i publikum): du ser han kosar seg, leikar med musikken (lyden av hammond orgelet er fantastisk) og spelar saman med resten av bandet på ein måte som berre gjer at du må bli hekta.
Bugge sa på slutten av konserten at det var gjort opptak, og at dette skulle kanskje bli lagt ut, så følg med på enten www.gubemusic.com eller www.jazzlandrec.com om det blir lagt ut der i nærmaste framtid. Det kan og være lurt å følge Bugge på twitter der meir informasjon vil bli lagt ut.
Vist du er i Oslo 22.Desember vil eg anbefale å ta turen oppom igjen når Bugge inviterar til «The Organ Club - Christmas special»
Lita oppdatering: Bugge skal ha «It’s snowing on my piano» konsert igjen i år den 4.desember på Oslo Konserthus.
