Nøgne Ø: Sunturnbrew
Bryggeri: Nøgne Ø
Type: Sunturnbrew
Alkohol 11%
Stil: Smoked barley wine
Fra lageret mitt av Sunturnbrew
Farge: raud-tåkete og kobber
Lukt: mjuk, alkohol (på ein god måte – dette er godt), maltsødme og røyk, litt søtt og litt salt. Dette er ein øl du kan sitte og lukte på lenge!
Smak: dette er intenst! masse sødme, røyk og kompleksitet! men: den klarar det med ein god balanse mellom smakane. Ein del fruktighet og karamell, sviske? Dette er ein dele-øl!
Avslutning: lang ettersmak, dette er øl du må ta deg god tid med. Den utviklar seg og ligg som eit godt teppe i ganen.
Her må (bør) du like røyka øl og barley wine, dette er intense saker sjølv for meg som likar begge stilane. Du bør ta deg god tid vist du får denne flaska forran deg. Den ligg og utviklar seg over lang tid og gir fra seg fleire og fleire smakar ettersom den får litt meir varme på seg. Det er ein grunn til at eg har kjøpt inn 6-7 flasker av denne for lagring fram mot 2015. Kjøp!
Brewdog: Hops Kill
Bryggeri: Brewdog
Type: Hops Kill
Alkohol 7.5%
Stil: Amber Ale
Kjøpt på Vika pol
Farge: raud-brun, litt tåkete
Lukt: søt humle, ligg godt på nasa
Smak: søt humle og masse sødme som fort kan bli litt for masse. Personleg foretrekk eg meir humle-preg og bitterhet når det kjem til brewdog. Likar du red ale og godt søtt øl så er dette noko for deg, kunne kanskje tenkt meg å prøvd denne til ein søt fruktig dessert for å sjå om den kjem betre fram
Avslutning: tja, ok. litt sødme og hint av bitterhet.
Ein ok brewdog, men dette er ikkje heilt i stilen min. Vist du først skal drikke denne ville eg ikkje ha konsumert meir en ei flaske om gangen.
Midtfyns: X Porter
Bryggeri: Midtfyn Bryghus
Type: X-Porter
Alkohol 8%
Stil: Imperial Porter
Kjøpt på Vika
Farge: Svart, slik ein porter skal være
Lukt: søt mørk lakris som luktar lilla. Litt overvelmande faktisk
Smak: oljete og rund, kaffi og sjokolade, lakris og tjære: ein god dessert porter
Avslutning: denne legg seg som eit svart lag i munnen og ber om ei sjokoladekake for å komplementere smaken
Her er det masse smak! Midtfyn har samarbeida med De Molen fra Nederland som er eit meget bra bryggeri, og her har dei absolutt fått til eit samarbeid som dei kan fortsette med! Denne må du ta deg tid med….
Evil Twin: Soft Dookie
Bryggeri: Evil Twin
Type: Soft Dookie
Alkohol 10.4%
Stil: Imperial Stout
Kjøpt på Vika
Farge: Svart diselolje
Lukt: behagleg mørk sødme som ikkje er ufin
Smak: tung mørk stout som er lett og sødmefull samtidig, masse smak på denne, oljete, mørkbrent kaffi og mørk kakao. Men, den har ein god sødme på seg som gjer den ikkje fullt så tung som den kan høyrest ut som. Mørke frukter og diselolje. Mot slutten av flaska blir dette litt i overkant mektig.
Avslutning: Denne sitt i ganen i lengre tid og legg igjen eit oljete lag av stout som du kan smake på lenge
Ein søt-mørk stout som det held meir en nok med ei flaske av om gangen, del gjerne denne med ein venn!
Mikkeller – Green Gold
Bryggeri: Mikkeller
Type: Green Gold
Alkohol 7%
Stil: IPA
Tilgjengleg på vinmonopolet
Farge: brun med eit raud preg
Lukt: ah, god humle: det som for meg representerar ein god IPA, litt fruktig og lett malt
Smak: Masse god humle og sitrus, dette er rett og slett nok eit meget bra produkt fra Mikkeller. Litt floralt og fruktig kjem og gjennom humlen, men for meg er det humle, bitterhet og sitrus som eg sitt igjen med
Avslutning: god tørrhet som ein kan sitte og smake på ei stund
Mikkeller har eg smakt ein del av i det siste, og dette er nok eit produkt som kan anbefalast. Håpar polet kan få gjennom litt meir fra dette bryggeriet på bestillingsutvalget.





