Steen Brugge Tripel
Bryggeri: Steen Brugge
Type: Tripel
Alkohol: 8.7%
Stil: Abbey Tripel
Kjøpt på Vinmonopolet
Farge: gyllen kobber
Lukt: søtt og godt gjær som ein god tripel skal ha
Smak: masse små bobler som smakar godt gjær – det er friskt, fruktig, søtt og gjærsmak som gjer at ein tripel som regel gir sommar assosiasjonar. Dette er snadder.
Avslutning: Vidareføringa fra lukta gjennom smaken til avslutninga viser kva balanse i eit godt øl kan gi deg, denne bør du prøve.
Eg er spesielt glad i Tripel og belgisk øl, denne er god, men kjem ikkje heilt opp i det øverste skiktet når det gjeld tripel. Det har den enkle forklaringa at kvalitetsnivået på dei verkeleg gode er meget høgt. Når det gjeld mat kan eg tenke meg å prøve denne til litt godt modna ost og druer.
Rockefort Trappistes 10
Bryggeri: Brasserie Rochefort
Type: Trappistes 10
Alkohol 11.3%
Stil: Quadrupel
Smakt på brun pub i Gøteborg, tilgjengleg på vinmonopolet
Farge: mørkebrun med eit gyllent godt skum
Lukt: mørke frukter – plommer, rosiner og god sødme som fyller nasa
Smak: dei mørke fruktene kjem fram igjen og det er masse smak – masse smak! mørk karamell, djup god sødme med ein god gjærsmak som berre ligg lenge og godgjer seg.
Avslutning: ein øl som berre ligg og gir fra seg masse god smak ettersom den utviklar seg, dette er fantastisk!
Trappistes 10 er eit av dei første øal fra belgia eg smakte og om det var godt første gang var det nydeleg denne gangen. Ein øl eg ikkje har besøkt så ofte som den fortjenar. Dette er det berre å kjøpe inn! Smakt til fritert camembert – som den passa godt til.
Delirium Christmas
Bryggeri: Brouwerij Huyghe
Type: Delirium Christmas
Alkohol 10%
Stil: Belgian Strong Ale
Smakt på Håndverkerstuene
Farge: Fin mørk brunfarge (gyllen)
Lukt: syrlighet, er det geuze?
Smak: Første som slo meg: ei blanding mellom Red Ale og Lambic, litt sur men ikkje på ein veldig god måte – syrligheta tar litt over – skulle ønske red-ale elementet hadde komt litt meir fram,
Avslutning: litt tørr avslutning som ikkje gir så masse
Nissen som blir trekt av 3 rosa elefantar (og det var før eg drakk den….), dette måtte berre prøvast når vi var innom Håndverkerstuene, men dette blir feil i forhold til kva eg forventar av ein juleøl, og når ein ser på prislappen er dette ikkje noko som kan anbefalast
Orval & Rakfisk
Var innom Håndverkerstuene og åt middag denne veka og fekk da ein meget god porsjon Rakfisk – ok: den kunne ha vore litt betre modna og hatt litt meir tilbehør, men det var meget bra! Til rakfisken blei det anbefalt Orval fra Belgia, og denne er absolutt verdt å prøve vist du skal ha rakfisklag i løpet av hausten/vinteren!
Med tilbehøret som vi fekk var dette noko av det beste ølet eg har smakt til rakfisk.

Maredsous Triple
Bryggeri: Maredsous
Type: Tripel
Alkohol: 10%
Stil: Abbey Tripel
Tilgjengleg på vinmonopolet
Lukt: søt gjær, honning og god malt – sprudlande god lukt
Smak: frisk, alkoholen kjem fram men er ikkje ufin, aprikos, masse frisk frukt og leskande
Avslutning: semi-tørr
Dette er godt, berre å kjøpe inn og ha heime til ein god kveld der du kan (og har tid til å ) nyte denne.



