Mikkeller – Green Gold
Bryggeri: Mikkeller
Type: Green Gold
Alkohol 7%
Stil: IPA
Tilgjengleg på vinmonopolet
Farge: brun med eit raud preg
Lukt: ah, god humle: det som for meg representerar ein god IPA, litt fruktig og lett malt
Smak: Masse god humle og sitrus, dette er rett og slett nok eit meget bra produkt fra Mikkeller. Litt floralt og fruktig kjem og gjennom humlen, men for meg er det humle, bitterhet og sitrus som eg sitt igjen med
Avslutning: god tørrhet som ein kan sitte og smake på ei stund
Mikkeller har eg smakt ein del av i det siste, og dette er nok eit produkt som kan anbefalast. Håpar polet kan få gjennom litt meir fra dette bryggeriet på bestillingsutvalget.
Mikkeller – Beer Geek Brunch
Bryggeri: Mikkeller
Type: Beer Geek Brunch Weasel
Alkohol 10.9%
Stil: Imperial Stout
Tilgjengleg på vinmonopolet
Farge: kva er mørkare en svart? djup-mørk svart? Med eit fantastisk farga skum på toppen!
Lukt: denne osar av mørkt…. malt, kaffi, kanskje litt sjokolade? men alikavel er den «lett» å lukte på, trur eg har ein sterk fasinasjon til imperial stout om dagen
Smak: fløyels tjukk svart materia som dekkar heile munnen din kan best beskrive denne – kaffi og malt, god kaffi! Kremaktig, oljete og litt fruktig innimellom (skulle ikkje tru at slikt klarar å stikke seg fram), dette er øl du må ta deg god tid med, veldig god tid!
Avslutning: all godheten med smaken ligg og fyller sansane lenge, dette er snadder!
Dette er øl brygga med verdas dyraste kaffi (las ikkje bakpå før etter eg hadde konsumert den). Eit råd: la denne stå lenge etter at du har frakta den heim slik at den får satt seg skikkeleg, og når du skal helle den oppi eit glas: hell oppi alt på ein gang, ikkje bruk eit 0.33 glass slik eg gjorde – det er masse sediment som gjer den ekstremt oljete og kremete på slutten. Dette trakk ned inntrykket litt, men det var min eigen feil. Vist du likar ein god stout er dette er noko som godt kan stå i skapet og lagre seg litt, men som kan dukke opp blant gode vennar ein kald og sur haustdag!
Midtfyns Bryghus Jule Stout
Bryggeri: Midtfyn Bryghus
Type: Jule Stout
Alkohol 7.6%
Stil: Stout
Tligjengleg på vinmonopolet
Farge: Svart, svart og svart – så vidt eg ser ein gyllen raudtone heilt nederst i den tynne delen av glaset når eg held det opp mot lyset. Flott skum!
Lukt: kaffi, mørk lakris, gode krydder som hellar mot litt sødme, litt malt og eit hint av bitterhet
Smak: denne smakar svart….. det er tjukt og sakteflytande øl som fyller munhola – nam! På samme tid er den «lett» å forholde seg til (litt paradoks slik sett), litt røyk innimellom gjer den spennande, sur kaffi (på ein god måte), litt bitterhet.
Avslutning: tjæra legg seg i munnen og leikar seg med absolutt alle smaksløkar
Dette var mørkt og godt, vist du likar stout kan dette anbefalast! Litt usikker på kva dette kan nytast med, så eg må gå for denne heilt aleine i ein stol med litt god musikk og ei god bok. Må nytast over tid!
Mikkeller – Fra Til Via
Bryggeri: Mikkeller
Type: Fra Til Via
Alkohol 8%
Stil: Imperial/Strong Porter
Tilgjengleg på vinmonopolet
Farge: mørke brun/mørke-lilla plomme, flott skum
Lukt: søt porter, litt humle, ikkje så dum på nasa denne (men vist du ikkje er glad i ein porter kan det bli litt mykje)
Smak: mørk kaffi malt er første ting som slår meg, litt tynn i munnen – kunne trengt litt meir fylde, bra krydder. Blir ikkje heilt venn med denne, noko med balansen som ikkje er heilt rett
Avslutning: litt bitter med fruktige innslag, ok
Ikkje ein 100% fra Mikkeller denne gangen, men ein ok dessert øl
Hornbeer Hophorn
Bryggeri: Hornbeer
Type: Hophorn
Alkohol: 9.3%
Stil: Black IPA
Prøvd fra fat på Schouskjelleren i Oslo
Aroma: lett syrleg, kaffi, honning, lukta gav mangen gode assosiasjonar før eg satte i gang med smakinga, spennande
Smak: veldig lett å drikke til å være så mørk og høg i alkohol, godt brent med ein god balanse, litt bitter-syrlighet som ikkje var heilt bra, ein del krydder (peppar), kakao (etter at den fekk litt varme)
Blanding av IPA, stout og porter (ifølge bryggemesteren) er dette ein utfordrande øl som eg gjerne hadde prøvd igjen



