Mikkeller – Fra Til Via
Bryggeri: Mikkeller
Type: Fra Til Via
Alkohol 8%
Stil: Imperial/Strong Porter
Tilgjengleg på vinmonopolet
Farge: mørke brun/mørke-lilla plomme, flott skum
Lukt: søt porter, litt humle, ikkje så dum på nasa denne (men vist du ikkje er glad i ein porter kan det bli litt mykje)
Smak: mørk kaffi malt er første ting som slår meg, litt tynn i munnen – kunne trengt litt meir fylde, bra krydder. Blir ikkje heilt venn med denne, noko med balansen som ikkje er heilt rett
Avslutning: litt bitter med fruktige innslag, ok
Ikkje ein 100% fra Mikkeller denne gangen, men ein ok dessert øl
Hornbeer Hophorn
Bryggeri: Hornbeer
Type: Hophorn
Alkohol: 9.3%
Stil: Black IPA
Prøvd fra fat på Schouskjelleren i Oslo
Aroma: lett syrleg, kaffi, honning, lukta gav mangen gode assosiasjonar før eg satte i gang med smakinga, spennande
Smak: veldig lett å drikke til å være så mørk og høg i alkohol, godt brent med ein god balanse, litt bitter-syrlighet som ikkje var heilt bra, ein del krydder (peppar), kakao (etter at den fekk litt varme)
Blanding av IPA, stout og porter (ifølge bryggemesteren) er dette ein utfordrande øl som eg gjerne hadde prøvd igjen
Mikkeller: Spontanale
Bryggeri: Mikkeller
Type: Spontanale
Alkohol: 5.3%
Stil: Lambic
Tilgjengleg på vinmonopolet
Lukt: Frisk, syrleg som ein skal forvente fra ein lambic-stil øl, grønne epler
Smak: grei bitter surhet som får kjevane til å låse seg litt – skal være slik, eple-syrlighet igjen,
Avslutning: tørr syrlighet som ligg igjen ei god stund, sitrondrops
Litt usikker på korleis dei faktisk har produsert denne, men den er absolutt god, og har potensiale med litt meir lagring. Skal plukke opp eit par flasker og sjå korleis den blir om eit par år.
Herslev Brygghus Hvedeøl
Bryggeri: Herslev Bryghus
Type: Hvedeøl
Alkohol: 5.6%
Stil: Hefeweizen
Tilgjengleg på vinmonopolet sitt bestillingsutval
Lukt: lett sitrus og banan,
Smak: syrleg og fuktig, veldig våt (!?!) øl, kanskje litt masse kolsyre? litt maltpreg, trur eg vil prøve denne i sola og ikkje innandørs ein sein kveld
Avslutning: mjuk tørrhet med banan og lett krydder som ligg ei stund for så å bli litt sur
Ikkje heilt solgt på denne, men mulig at den kan komme seg ein varm sommardag.
Hornbeer Cranberry Bastard
Bryggeri: Hornbeer
Type: Oak Aged Cranberry Bastard
Alkohol: 8%
Stil: Fruktøl
Smakt fra fat på Schouskjelleren
Lukt: syrlege, noko som ikkje heilt stemmer, klarte ikkje heilt å ta denne
Smak: Lett røyksmak, tranebær – ingen tvil om det, med eikefat slengt på. Grov på tunga, lett søt-syrleg, lang tørr avslutning,
Tranebær øl fra Danmark, det her er ein kuriositet å smake for å utfordre konseptet med vanleg øl. Kan anbefalast å prøve for å ha gjort det, men ikkje ein type som overbevisar min smak.

