Ölvisholt Lava
Bryggeri: Ölvisholt
Type: Lava
Alkohol 9.4%
Stil: Imperial Stout
Smakt på brun pub i Gøteborg
Farge: Svart, veldig svart! Umuleg å sjå gjennom, flott farge på skummet
Lukt: klar og tydeleg røyk, masse malt og litt lakris. Ikkje dum på nasa denne når ein får skifta fokus til denne type øl
Smak: Lettare en det ein skulle tru utifra smaken, men: dette er god og mørk humle med røyk, malt og ein dose lakris igjen. Røyka malt og ein lett sødme pakkar det heile inn
Avslutning: Denne sitt i munnen ei stund, ikkje dum, men kunne vore litt meir balansert
Første øl fra Island smakt, dette er ikkje dumt: kunne tenkt meg litt betre balanse, men som røyk-øl er dette godt
