Skip to content

Posts from the ‘omtale’ Category

27
feb

Cantillion Gueuze

Cantillion Gueuze

Bryggeri: Brasserie Cantillon Brouwerij
Type: Cantillion Gueuze Lambic Bio
Alkohol: 5%
Tilgjengleg på vinmonopolet, 92.90,-/75cl

Lukt: Salt, syrleg, tankane går til spekemat, det her må berre være bra til ein forrett med speka kjøtt og pølser
Smak: oh… .syrleg! Masse syre her! Men, ganske så frisk når ein har tatt seg tid til å venne seg til denne, sitrus, salt kjøtt. Masse småbobler gjer den leikande i munnen. Dette er syrlege gule sitrondrops som gjer at du får frysningar nedover ryggen!

Denne hadde eg ein smak av på håndverkerstuene tildlegare i år, men kjøpte eit par 75cl flasker for å sjekke korleis den er over litt lengre tid og under meir kontrollerte forhold (den blei smakt under ei ølsmaking, og da kan det gå litt fort for seg til tider). Dette er øl ein må venne seg til, første slurken kjem som ein overraskelse på smaksløkane! Eg skal få tak i litt spekemat ein dag og undersøke om teorien min vil slå til.

Ein ting med denne flaska: best før dato er 2030! Eg skal kjøpe nokre flasker og opne i 2015, 2020, 2025 og 2030, så håpar eg på at denne bloggen fortsatt er i live og at eg kan sjå på korleis den har utvikla seg over lang tid.

26
feb

Sapient Trip Ale

 

Sapient Trip Ale

Bryggeri: Dark Horse Brewing Company
Type: Sapient Trip Ale
Alkohol: 8.5%
Tilgjengleg (iallefall) på vinmonopolet i Vika i Oslo for 58.90,-/33cl

Lukt: Søt, kanskje litt anonym? frukt: kanskje litt tørka aprikos eller liknande med eit hint av karamell
Smak:  Her kjem karamellen fra lukta meir fram, i tillegg er det og mørke tunge tørka frukt på tunga. God malt – om eg kan karakterisere den som tung malt – den sitt tungt i munnen, men utan å være plagsom. Innimellom kjem det ein sitrus smak  som overraskar! Ein lang og mjuk avslutning som ein kan smatte ganske lenge på.

Ein Øl som ein kan ta seg litt tid med. Absolutt noko eg kan anbefale til ein til tung-søt dessert, fruktkake kanskje?

 

 

25
feb

Amundsen bryggeri

Amundsen VM-Ale

Amundsen bryggeri har vore opne ei lita stund no, men det var først i dag kl 15.00 at deira første eigenproduserte øl kom på fat: VM-Ale.

Bryggeri: Amundsen Bryggeri
Type: VM-Ale
Alkohol: Ukjent
Filtrert: Ukjent (men ser ikkje slik ut)
Pasteurisert: Ukjent

Denne startar med ei lys honning lukt som blir komplementert av lett humle. På smak er første inntrykk lys sprudlete. Den har ein behagleg slutt, men den blir kanskje litt for anonym – meir drikkeøl ein varm sommardag det her. Litt lite bitterhet, men har ein frisk smak av syrlege sitron drops når ølet blir litt varmare. Med varmen kom og ein betre balansert humle på smak.

Ein grei Ale som ikkje gir dei store utfordringane når det gjeld smak, men for første batch er dette bra. Med 3 brygghus opna i Oslo dei siste 6mnd ser eg fram til kva Amundsen kan produsere, eg håpar berre at dei klarar å vente lenge nok før dei serverar ølet sitt (noko Schouskjelleren har slitt litt med).

Når det gjeld sjølve lokalet ser det greit ut, ein ikkje-noko-utanom-det-vanlege interiør, men dette går raskt i gløymeboka når ein ser 20+ tappekraner for øl (pluss gjeste-tårn) og ein rikholdig ølmeny på flaske (masse bra Belgisk ser det ut til). Når dei i tillegg reklamerar for «ølkjellar«:

Ølkjelleren er vår stolthet. Her lagres årgangsøl, sære øl og rariteter, kjente som ukjente øl, fra inn- og utland.

så er det klart at Amundsen satsar på Øl og at dette kan bli ein meget bra plass for mikrobryggeri og kvalitetsøl framover, eg skal iallefall tilbake! (og da skal eg prøve menyen deira som og såg fristande ut)

1
feb

Heimebrygga IPA

Ein dag på jobben før jul kom det ein kollega snikande med ei brun flaske som hadde påskrifta «IPA» på korken. Denne var da laga av svigerfar til vedkommande og har no stått og godgjort seg ei stund mens eg har venta på den riktige kvelden.

Bryggeri: Ukjent
Type: IPA
Alkohol: Ukjent
Filtrert: Ukjent (men: nei)
Pasteurisert: Ukjent (men: nei)

Lukt: god humle, syrleg med eit godt sitrus preg over seg. Smak: frisk, smaka mørke brunt (!?!), lett sitrus på leppa, rund humle, masse sødme, fin bitterhet på sida av tunga.

Ein veldig lett å drikke IPA som eg nok ikkje får smakt igjen, men som passa fint til den kokte torsken eg hadde til middag etter den første smakerunda.

16
jan

Atna – stabbursøl

Bryggeri: Atna
Type: Stabburøl
Alkohol: 4.7%
Filtrert: Nei
Pasteurisert: Nei

Dette  ølet skal ha «spor av villmark» i seg ifølge flaska. Lukt: Syrlig, lett honning. Smak: noko krydder, lett syrlige smak som kjem gjennom fra lukta, litt tørr mot slutten, syrleg humle, frisk, absolutt eit sommarøl.
Ikkje eit dumt øl, har masse smak, men står ikkje fram som eit øl eg vil drikke masse av eller anbefale til absolutt alle.