Brewdog: Hops Kill
Bryggeri: Brewdog
Type: Hops Kill
Alkohol 7.5%
Stil: Amber Ale
Kjøpt på Vika pol
Farge: raud-brun, litt tåkete
Lukt: søt humle, ligg godt på nasa
Smak: søt humle og masse sødme som fort kan bli litt for masse. Personleg foretrekk eg meir humle-preg og bitterhet når det kjem til brewdog. Likar du red ale og godt søtt øl så er dette noko for deg, kunne kanskje tenkt meg å prøvd denne til ein søt fruktig dessert for å sjå om den kjem betre fram
Avslutning: tja, ok. litt sødme og hint av bitterhet.
Ein ok brewdog, men dette er ikkje heilt i stilen min. Vist du først skal drikke denne ville eg ikkje ha konsumert meir en ei flaske om gangen.
Brewdogs juleøl
Fekk smakt desse to fra Brewdog denne veka, det var ikkje store smaken, men dette var langt under kva eg forventar fra Brewdog! Ingefær og ein vassen øl som eg er glad eg berre hadde 4cl å smake. Rett og slett ikkje bra nok – berre å styre unna vist du ikkje er ekstremt glad i tynt øl som smakar ingefær. Eg har ei flaske ståande med ein tredje juleøl fra Brewdog ( med chili ) og eg håpar at den blir betre…. tbc
Lia Fail
Bryggeri: Inveralmond
Type: Lia Fail
Alkohol: 4.7%
Stil: Premium Bitter
Trur eg kjøpte denne på Meny
Aroma: karamell, malt sødme, bitre utonar
Smak: lett karamell, god lett (sitrus) bitterhet, god malt, lett krydder
Avslutning: tørr honning
Ein enkel og grei bitter som er ok å drikke men som ikkje står fram som den store vinnaren.
Thornbridge Jaipur
Bryggeri: Thornbridge
Type: Jaipur
Alkohol: 5.9%
Stil: Indian Pale Ale
Smakt fra fat på Schouskjelleren
Aroma: søt, lett, syrleg, litt sitrus/grapefrukt prega, dette luktar godt!
Smak: mmm, veldig god! fin humle, eit godt eksempel på nedtona men veldig definert smak, lett honning, god enkel bitterhet, grapefrukt igjen
Avslutning: ligg fint og slappar av i munnen
Dette bør du få med deg vist du får sjansen. Enkel og god IPA som har klart definerte smakar og ein god balanse.
Brewdog: Høst Porter
Bryggeri: BrewDog
Type: Høst Porter
Alkohol: 6.2%
Stil: Porter
Tilgjengleg på vinmonopolet
Lukt: søt marmelade, kaffi, malt
Smak: lett å drikke med masse smak, mørk fløyel på tunga, hint av lakris, fin syre på tunga, litt kremete, lyse fruktige undertonar, kaffi
Avslutning: ok på avslutning men ikkje så veldig spennande
Denne kom ut på Septemberslippet på polet i år og er ein re-branding av Alice Porter. Har smakt bedre porter før.




