Skip to content

Posts from the ‘Sverige’ Category

23
sept

Dugges Kals Stout

Bryggeri: Dugges
Type: Kals Stout
Alkohol: 5.0%
Stil: Stout
Tilgjengleg på Systembolaget i Sverige

Aroma: lett, karamell, kaffi & litt kakao, ikkje dårleg på aroma
Smak: havre -> klar smak, brent tre,mørk karamell, lett å drikke – ikkje tenk tung stout med denne,
Avslutning:  fyldigare i avslutninga med innslag av havremalt, brente kaffibønner og espresso

Denne er mørk som natta og er god vist du kan like havremalt smaken + innslaget av tung kaffi. Kan nok kalle dette ein dessert-stout4.

22
sept

Nynäshamns Bedarö Bitter

Bryggeri: Nynäshamns
Type: Bedarö Bitter
Alkohol: 4.5%
Stil: Premium Bitter
Tilgjengleg på systembolaget i Sverige

Aroma: honning-humle, søt
Smak: tenk søt Brewdog, meir pale ale en bitter, ikkje fæl
Avslutning:  ligg ok med humle i avslutninga

Ikkje fælt øl, men ikkje noko eg kjem til å kjøpe igjen

20
sept

Oppigård Golden Ale

Bryggeri: Oppigård
Type: Golden Ale
Alkohol: 4.7%
Stil: Golden Ale
Tilgjengleg på systembolaget i sverige, takk til kollega for å ta den med

Aroma: masse humle, salt, kjøtt(?!?), litt mystisk i nasa denne!
Smak: rund ale, ein del humle, litt humle, ikkje så veldig spennande
Avslutning:  ikkje masse å prate om

 

19
sept

Nils Oscar Indian Ale

Bryggeri: Nils Osvar
Type: Indian Ale
Alkohol: 5.3%
Stil: Indian Pale Ale
Tilgjengleg på systembolaget i Sverige, takk til kollega som kom over med denne

Aroma: mørk, karamellisert humle, smør-aktig
Smak: mørk honning, grei humle, masse sødme som ikkje er så grei
Avslutning:  harsk

Nei, dette klarar eg meg fint uten