Snake Dog IPA
Bryggeri: Flying Dog Brewery
Type: Snake Dog IPA
Alkohol: 7.1%
Stil: IPA
Tilgjengleg på vinmonopolet
Aroma: masse sødme, aprikos, lys saftig frukt, så kjem humlen fram, honning, masse sødme!
Smak: søt humle med honning og aprikos, sitrus, litt grapefrukt, så kjem meir humlen gjennom
Avslutning: relativt kort, kunne tenkt meg litt meir avslutning på denne
Ein søt IPA, ikkje ein eg kan drikke fleire flasker etter kvarandre av. Blir ganske intens i smaken, vist du kan ta deg litt tid med den så veks den litt på deg, men eg synst det blir litt for søtt med ein grapefrukt smak som ikkje fell heilt i smak for meg.
Sapient Trip Ale
Bryggeri: Dark Horse Brewing Company
Type: Sapient Trip Ale
Alkohol: 8.5%
Tilgjengleg (iallefall) på vinmonopolet i Vika i Oslo for 58.90,-/33cl
Lukt: Søt, kanskje litt anonym? frukt: kanskje litt tørka aprikos eller liknande med eit hint av karamell
Smak: Her kjem karamellen fra lukta meir fram, i tillegg er det og mørke tunge tørka frukt på tunga. God malt – om eg kan karakterisere den som tung malt – den sitt tungt i munnen, men utan å være plagsom. Innimellom kjem det ein sitrus smak som overraskar! Ein lang og mjuk avslutning som ein kan smatte ganske lenge på.
Ein Øl som ein kan ta seg litt tid med. Absolutt noko eg kan anbefale til ein til tung-søt dessert, fruktkake kanskje?
Ølsmaking på håndverkerstuene
I kveld var det ølsmaking på Håndverkerstuene (facebook) i Oslo, og Amund tok vel 20stk gjennom ei smaking på 7 forskjellege sortar øl. Håndverkerstuene har blitt ein meget bra plass for kvalitetsøl midt i Oslo sentrum og har eit rikt utvalg av gode sortar både på fat og flaske, i tillegg har dei kvalifiserte folk bak baren og eit meget bra kjøkken. Ein plass eg ikkje er på for ofte no om dagen, eg må ta turen innom her oftare.
Denne kvelden derimot var det ein introduksjon til forskjellege øltypar som stod på menyen og Amund hadde valgt ut 7 forskjellege typar som absolutt syner bredda til kva øl kan være. Kvelden starta med ein introduksjon til kva øl er og korleis produksjonen foregår for deretter å gå gjennom typane som eg har beskrive litt nærmare under her.
Dette er typen introduksjons-kveldar som ein bør delta på vist ein ikkje har for stor erfaring når det gjeld øl og ønsker å lære meir – sleng deg med neste gang dette blir arrangert: Håndverkerstuene har epostliste der du kan få meir informasjon om desse kveldane på. For ein relativt rimleg penge kan du få smakt eit godt utvalg av forskjelleg øl, ein introduksjon av kyndige folk og ikkje minst ein flott diskusjon med andre øl interesserte mennesker.
Lukt: lyst/lett bygg (tørr), lett sødme
Smak: tørr/bitter finish, fyldig bitter, god humle smak, startar veldig søtt i forhold til finishen
Ein pilsner for sommarkveldar som eit meget godt alternativ til standard pilsner som du får på butikken. Heimeside
Lukt: lett syrleg, grønne epler(!), ananas, tropiske frukter
Smak: Banan(!!), søt-syrleg, sommarøl med ein flott tørrhet i finishen
Nok ein øl for sommarkveldar – kan bli litt klissete vist du ikkje taklar banan smaken. Heimeside
Lukt: såpe (dog: god såpe), lys god humle
Smak: reine klare smakar, mjuk humle, lett sitrus, skummar lett i munnen
Grunnen til at eg reiste til Flåm i fjor sommar for å besøke Ægir: ein flott IPA. Heimeside
Lukt: syrleg, lukta litt for lite eigentleg
Smak: nydeleg bitterhet, tørr god humle, litt harsk bitterhet i finishen
Ein flott double IPA, men hadde nok vore betre fersk, dette var batch #505 fra 19. mai 2010. Heimeside
Lukt: aprikos, honning-sødme
Smak: masse bobler(!), løyser seg opp i munnen, godt balansert
Alternativ til aperitif eller nyttårsboblene?
Lukt: salt spekemat (geit/sau), syrleg
Smak: syrleg(sitrondrops), rabarbara, godt balansert
Den her kan lagrast fram til 2030, trur eg skal få meg nokre flasker og smake korleis den utviklar seg framover. Heimeside
Lukt: lakris, espresso, vanilje
Smak: veldig søt, dessertøl, brent havre(?), litt kvalmande etter ei stund
Kanskje servert sammen med ein søt dessert? Heimside








