Skip to content

Posts from the ‘tur’ Category

13
nov

Mumillom

11
sept

Haust i nordmarka

Haust-turane i nordmarka har det ikkje blitt så mangen av i år, men ein siste tur før fredingstida i elv måtte til, masse smått som tok bittesmå våtfluer og nymfer (krok #20) kombinert med ei meget responsiv Whispercreek #4 stang gjorde dagen meget bra!

Oppunder land på motsatt side stod fisken tett, og eg fekk landa 6 små bekkørret i løpet av eit par timar.

Skal ta turen opp igjen her når fredningstida er over i november (så lenge det ikkje ligg alt for masse snø…..)

8
jul

Elvann

Det var meldt relativt ok vær på fredag og fram til ettermiddagen på laurdag, så teltet blei pakka og eg tok toget til Hakadal etter jobb fredag. Har alltid hatt utgangspunkt i sørenden av nordmarka når eg skal på tur, så dette var første gang eg tok toget forbi Movatn stasjon for å gå på tur innover i marka.

 

Flott veg oppover fra stasjonen, omkransa av flotte tre og åkrane som hadde fått førsteslåtten.

Godt merka blåsti oppover åsen som var fint syklande, men det var til tider bratt oppover.

Oppe på platået og straks inne til Elvann

Ein liten tur nedom Langvann først, det var faktisk roleg i denne enden tidleg på ettermiddagen, men det var grått og regn i lufta.

Rugbrød fra Grunerløkka Bakeri må til på tur.

Etter ein ettermiddagslur og litt fiske når det faktisk var så lite vind at #4 snøret på flugestanga gikk nokonlunde dit eg ville så var dette ein fin avslutning på kvelden. Rett etter at dette bildet blei tatt kom første regndråpane og eg såg regnet komme over åsen, eg sprang i teltet og rakk det så vidt – resten av natta var det regn og vind…….

Etter ei lang natt med tendens til lyn og nok nedbør for ei årstid var det opplett nok til å koke kaffi – eg brukar kaffi fra Grunerløkka Bakeri som eg malar sjølv til kokmalt. Nydeleg å våkne til!

På dette tidspunktet var det nok, regnet ville ikkje stoppe, og meldinga for søndag sa enda meir – eg tar turen heimover mot Skar.

Utsikt fra Liggern mot Øyungen – nok fuktighet i lufta denne laurdags formiddag!

Fugleliv på Øyungen

Nokon som har dratt med seg handlevogn på tur til Øyungen…..

Ein flott tur, men altfor vått!

21
apr

Hammern – Bjørnholt på sti

Eg har sykla ein del på vegen fra Hammern opp mot Bjørnholt men har aldri gått stien opp dit. Onsdag etter jobb tok eg ein tur for å sjå korleis denne vegen såg ut.Turen opp gikk på sti og ned på vegen(pga ein buss eg ville rekke). Totalt 17km og bortimot 4 timar opp og ned. Ein flott sti, men fortsatt ein del snø/is/gjørme i litt høgare strøk, absolutt ein fin tur å ta istadenfor vegen oppover!

Opptegna rute på google maps.

Rett etter Hammern på veg mot Bjørnholt: Ta av på stien mot Kamphaug

 

Til tider flott brei sti oppover

Krysset der du kan gå over mot Øyungen, men fortsett mot Kamphaug

Til tider litt klatring og alternative ruter: masse tre som har blåst over ende

Rotvelta tre over stien

Snø i lufta

Vegkryss på Kamphaug - her har du litt å velge mellom både på vinter og sommar, men fortsett mot Bjørnholt

Inne i skogen er det fortsatt ein del snø/is, og spor etter nokon som har tatt turen ned med sykkel tidlegare i år!

Stien kryssar vegen mot Bjørnholt etter den lange bakkene opp fra Skjærsjøen

Her er stien litt mindre brukt og var til tider ganske full av snø/is

Stien siste biten opp mot Bjørnholt - her ned mot elva og helvete (faktisk navn på kartet!)

Store master på veg oppover

På veg ned fra Bjørnholt:nysnø og kaldt, vinteren slepp ikkje heilt tak i marka enda!

Nede på Hammern til mørket sig på

16
apr

Nordmarka: Skar – Smalstrømmen – Hammern

Litt over ei veke sidan vi gikk denne turen, men her er bildeserie fra Søndagsturen 8.April 2012. Det er ein god tur på 21-22km totalt, ikkje veldig harde bakkar, men jamnt og fint terreng inn til Helgeren. Fekk prøvd flugestanga for første gang denne sesongen, ikkje det at eg fekk noko, men det var oppe ein del fisk litt uti råka (var berre altfor langt ute).

Rute: Skar - Liggern – Helgerenhøgda – Helgeren – Smalstrømmen – Bjørnholt – Hammern. Sjekk opptegna rute på dette kartet.

Fortsatt is på Øyungen

Tørr sti mellom Øyungen og Liggern

Fortsatt litt snø

Kalven

 

Vårstemning på liggern

På veg opp mot Helgerenhøgda

Tilbakeblikk mot øyungen

Tjukk is ved Helgerendammen

Skiløype (av is) mot Bjørnsjøen

Opent vatn der smalstrømmen kjem ned i Bjørnsjøen

Lufte flugestanga for første gang i år

Flugene eg har bunde i vinter fekk lufta seg for første gang

Vak! Vi såg 4-5fisk som var oppe 15-20 gangar. Ein av dei var av god størrelse

Issmelting

Kveldssola kom gjennom trea og gav flotte fargespel

Is

Skjersjøen er snart isfri

Midt på skjersjøen

Sola går ned mot Bjørnholt

Siste matpause på Hammern

Buss tilbake til byn