Haust i nordmarka
Haust-turane i nordmarka har det ikkje blitt så mangen av i år, men ein siste tur før fredingstida i elv måtte til, masse smått som tok bittesmå våtfluer og nymfer (krok #20) kombinert med ei meget responsiv Whispercreek #4 stang gjorde dagen meget bra!
Oppunder land på motsatt side stod fisken tett, og eg fekk landa 6 små bekkørret i løpet av eit par timar.
Skal ta turen opp igjen her når fredningstida er over i november (så lenge det ikkje ligg alt for masse snø…..)
Elvann
Det var meldt relativt ok vær på fredag og fram til ettermiddagen på laurdag, så teltet blei pakka og eg tok toget til Hakadal etter jobb fredag. Har alltid hatt utgangspunkt i sørenden av nordmarka når eg skal på tur, så dette var første gang eg tok toget forbi Movatn stasjon for å gå på tur innover i marka.
Flott veg oppover fra stasjonen, omkransa av flotte tre og åkrane som hadde fått førsteslåtten.
Godt merka blåsti oppover åsen som var fint syklande, men det var til tider bratt oppover.
Oppe på platået og straks inne til Elvann
Ein liten tur nedom Langvann først, det var faktisk roleg i denne enden tidleg på ettermiddagen, men det var grått og regn i lufta.
Rugbrød fra Grunerløkka Bakeri må til på tur.
Etter ein ettermiddagslur og litt fiske når det faktisk var så lite vind at #4 snøret på flugestanga gikk nokonlunde dit eg ville så var dette ein fin avslutning på kvelden. Rett etter at dette bildet blei tatt kom første regndråpane og eg såg regnet komme over åsen, eg sprang i teltet og rakk det så vidt – resten av natta var det regn og vind…….
Etter ei lang natt med tendens til lyn og nok nedbør for ei årstid var det opplett nok til å koke kaffi – eg brukar kaffi fra Grunerløkka Bakeri som eg malar sjølv til kokmalt. Nydeleg å våkne til!
På dette tidspunktet var det nok, regnet ville ikkje stoppe, og meldinga for søndag sa enda meir – eg tar turen heimover mot Skar.
Utsikt fra Liggern mot Øyungen – nok fuktighet i lufta denne laurdags formiddag!
Fugleliv på Øyungen
Nokon som har dratt med seg handlevogn på tur til Øyungen…..
Ein flott tur, men altfor vått!
Hammern – Bjørnholt på sti
Eg har sykla ein del på vegen fra Hammern opp mot Bjørnholt men har aldri gått stien opp dit. Onsdag etter jobb tok eg ein tur for å sjå korleis denne vegen såg ut.Turen opp gikk på sti og ned på vegen(pga ein buss eg ville rekke). Totalt 17km og bortimot 4 timar opp og ned. Ein flott sti, men fortsatt ein del snø/is/gjørme i litt høgare strøk, absolutt ein fin tur å ta istadenfor vegen oppover!
Opptegna rute på google maps.

Vegkryss på Kamphaug - her har du litt å velge mellom både på vinter og sommar, men fortsett mot Bjørnholt
Nordmarka: Skar – Smalstrømmen – Hammern
Litt over ei veke sidan vi gikk denne turen, men her er bildeserie fra Søndagsturen 8.April 2012. Det er ein god tur på 21-22km totalt, ikkje veldig harde bakkar, men jamnt og fint terreng inn til Helgeren. Fekk prøvd flugestanga for første gang denne sesongen, ikkje det at eg fekk noko, men det var oppe ein del fisk litt uti råka (var berre altfor langt ute).
Rute: Skar - Liggern – Helgerenhøgda – Helgeren – Smalstrømmen – Bjørnholt – Hammern. Sjekk opptegna rute på dette kartet.
























































