Skip to content

Posts from the ‘Greit å drikke’ Category

30
mar

Brewdog: Hops Kill

Bryggeri: Brewdog
Type: Hops Kill
Alkohol 7.5%
Stil: Amber Ale
Kjøpt på Vika pol

Farge: raud-brun, litt tåkete
Lukt: søt humle, ligg godt på nasa
Smak: søt humle og masse sødme som fort kan bli litt for masse. Personleg foretrekk eg meir humle-preg og bitterhet når det kjem til brewdog. Likar du red ale og godt søtt øl så er dette noko for deg, kunne kanskje tenkt meg å prøvd denne til ein søt fruktig dessert for å sjå om den kjem betre fram
Avslutning: tja, ok. litt sødme og hint av bitterhet.

Ein ok brewdog, men dette er ikkje heilt i stilen min. Vist du først skal drikke denne ville eg ikkje ha konsumert meir en ei flaske om gangen.

 

26
nov

Mikkeller – Fra Til Via

Bryggeri: Mikkeller
Type: Fra Til Via
Alkohol 8%
Stil: Imperial/Strong Porter
Tilgjengleg på vinmonopolet

Farge: mørke brun/mørke-lilla plomme, flott skum
Lukt
: søt porter, litt humle, ikkje så dum på nasa denne (men vist du ikkje er glad i ein porter kan det bli litt mykje)
Smak: mørk kaffi malt er første ting som slår meg, litt tynn i munnen – kunne trengt litt meir fylde, bra krydder. Blir ikkje heilt venn med denne, noko med balansen som ikkje er heilt rett
Avslutning: litt bitter med fruktige innslag, ok

Ikkje ein 100% fra Mikkeller denne gangen, men ein ok dessert øl

12
nov

Hansa: Julebrygg

Bryggeri: Hansa
Type: Julebrygg Ekstra Vellagret 2011
Alkohol 6.5%
Stil: Dunkler Bock
Tilgjengleg på vinmonopolet

Farge: mørk gyllen kobbar-raud
Lukt
: søt malt, tørka frukt, noko syrlighet
Smak: søt malt fra lukta kjem igjen her, tjukk sødme fra mørke tørka frukt, ein bokk øl, syrleghet kjem i midpartiet og blir litt anstrengt, ok bitterhet
Avslutning: ok tørrhet som har ein grei karakter

Det klassiske juleølet fra vestlandet, likar standard juleøl fra Hansa betre når det kjem til mat.  Ikkje så bra som Ringnes sin julebokk, men betre en Ringnes sin julebrygg – dette blei litt i mellom: ikkje fælt, men heller ikkje det beste som blir drukke til jul i år.

5
nov

Aass: Juleøl Premium

Bryggeri: Aass
Type: Juleøl Premium 2011
Alkohol: 9.0%
Stil: Old Ale
Tilgjengleg på vinmonopolet

Farge: mørke-raud/brun, kobber
Lukt
: malt, sødme, lett hint av søte tørka frukt
Smak: søt friskhet er det første som treff tunga, malt sødme og tjukk kakao med litt kaffi, masse smak her, litt karamell og krydder, alkoholen kjem mot slutten – litt i øvre skikte av kva denne tåler, lett å drikke
Avslutning: god balanse i avslutninga – litt kakao, tørka frukt og sødme som karakteriserar ein juleøl, litt sjokolade

Ein søt og «lett» juleøl til å være 9%. Er ikkje dumt dette, litt søt  som gjer at eg ikkje ville ha konsumert for mangen av denne etter kvarandre, men fortsatt ein øl eg kan kjøpe igjen.

4
nov

Ringnes Juleøl

Bryggeri: Ringnes
Type: Juleøl 2011
Alkohol: 6.3%
Stil: Bock?
Tilgjengleg på vinmonopolet

Farge: Fin gyllen raudfarge
Lukt
: søt bock, lett malt, bomul-fylde-sødme, lett krydder
Smak: søt fylde som fyller munnen, litt krydder og karamell som dominerar, skuffande flat, litt malt hint ein plass
Avslutning: avslutninga er søtare og ikkje så god som eg hugsar ringnes fra tidlegare år, litt harskhet som eg ikkje hugsar at denne har hatt tidlegare år

Da var årets juleølsesong i gang! Masse godsaker plukka opp på første runde på polet. Starta i dag med Ringnes som tradisjonelt sett har vore ein god øl tidlegare år slik eg hugsar det – problemet er at eg ikkje har ført notat på denne tidlegare. Men: dette er ikkje godt nok til å nå opp til dei skikkeleg gode øla, kjenner at eg er litt skuffa, kanskje det er batchen, kanskje det var feil kveld for denne type øl. Må nok prøvast igjen.