Skip to content

Posts from the ‘Greit å drikke’ Category

24
okt

Schouskjelleren: Centennial

Bryggeri: Schouskjelleren
Type: Centennial IPA
Alkohol: 4.6%
Stil: IPA
Tilgjengleg på Schouskjelleren i Oslo

Aroma: lite, litt fraværande faktisk – er eg tett i nasa?
Smak: umiddelbar reaksjon: såpe, så ein rein/frisk smak, sur-bitter, humle, forfriskande enkel, eit hint av honning og søt humle, veldig lys,
Avslutning: fin tørrhet med humle

Ikkje ein dum IPA fra schouskjelleren, denne kan eg drikke igjen. Kjem ikkje opp mot det beste innan IPA, men ein ok øl for tysdagskvelden når vi møtest på schous og pratar.

17
okt

Amstel Beer

Bryggeri: Amstel
Type: Pilsner?
Alkohol: 5.0%
Smakt i Hellas

Aroma:humle, lett honning og grapefrukt, faktisk litt ok (i kontekst av å ha smakt masse dårleg pilsner fra Hellas)
Smak: ok humle, sommardrikk, litt honning og sødme, drikkandes på ein varm sommardag
Avslutning:  tørr humle

11
okt

Mythos Lager

Bryggeri: Mythos
Type: Lager
Alkohol: 5.0%
Stil: Lager
Smakt i Hellas

Aroma: fraværande
Smak: malt, lett bitterhet, det er faktisk spor av humle her! ok tørstedrikk
Avslutning:  lite

Skal du ha ein tørstedrikk for varme soldagar i Hellas er denne å foretrekke av dei lokale brygga.

23
sept

Dugges Kals Stout

Bryggeri: Dugges
Type: Kals Stout
Alkohol: 5.0%
Stil: Stout
Tilgjengleg på Systembolaget i Sverige

Aroma: lett, karamell, kaffi & litt kakao, ikkje dårleg på aroma
Smak: havre -> klar smak, brent tre,mørk karamell, lett å drikke – ikkje tenk tung stout med denne,
Avslutning:  fyldigare i avslutninga med innslag av havremalt, brente kaffibønner og espresso

Denne er mørk som natta og er god vist du kan like havremalt smaken + innslaget av tung kaffi. Kan nok kalle dette ein dessert-stout4.

22
sept

Nynäshamns Bedarö Bitter

Bryggeri: Nynäshamns
Type: Bedarö Bitter
Alkohol: 4.5%
Stil: Premium Bitter
Tilgjengleg på systembolaget i Sverige

Aroma: honning-humle, søt
Smak: tenk søt Brewdog, meir pale ale en bitter, ikkje fæl
Avslutning:  ligg ok med humle i avslutninga

Ikkje fælt øl, men ikkje noko eg kjem til å kjøpe igjen