Skip to content

Posts from the ‘Ikkje nødvendig å prøve igjen’ Category

26
nov

Delirium Christmas

Bryggeri: Brouwerij Huyghe
Type: Delirium Christmas
Alkohol 10%
Stil: Belgian Strong Ale
Smakt på Håndverkerstuene

Farge: Fin mørk brunfarge (gyllen)
Lukt
: syrlighet, er det geuze?
Smak: Første som slo meg: ei blanding mellom Red Ale og Lambic, litt sur men ikkje på ein veldig god måte – syrligheta tar litt over – skulle ønske red-ale elementet hadde komt litt meir fram,
Avslutning: litt tørr avslutning som ikkje gir så masse

Nissen som blir trekt av 3 rosa elefantar (og det var før eg drakk den….), dette måtte berre prøvast når vi var innom Håndverkerstuene, men dette blir feil i forhold til kva eg forventar av ein juleøl, og når ein ser på prislappen er dette ikkje noko som kan anbefalast

26
nov

Lervig Jul

Bryggeri: Lervig
Type: Lervigs Jul 2011
Alkohol 6.8%
Stil: Belgian Ale
Tilgjengleg på vinmonopolet

Farge: mørk slørete brun mot litt raudlege tonar
Lukt
: søt humle og karamell, ein litt ufin syrlighet, kva prøvar dei å oppnå her? Ikkje heilt overbevist
Smak: flat, søt med masse sur-søt honning som ikkje gir så masse, lite fylde til å være juleøl – treng litt substans! sa eg den var syrleg og sur? Ja…..
Avslutning: tja, julenissen kjem ikkje tilbake for eit glass til

Dette var rett og slett litt skuffande, har smakt god Lervig før, men dette blir litt flatt og uspennande – få litt meir fylde!

d

21
okt

Schouskjelleren: Albale

Bryggeri: Schouskjelleren
Type: Albale
Alkohol: 6.3%
Stil: Scottish Ale
Tilgjengleg på Schouskjelleren i Oslo

Aroma: søt malt – litt grumsete i lukta, hint av bær og karamell
Smak: grumsete malt igjen, masse tilstedeværelse, litt sitrus, litt gjærete smak – ikkje 100% den her, litt karamell kjem gjennom når den blir litt varmare, rundare sødme
Avslutning:  grapefrukt & gjær

Denne er betre på lukt en smak og kjem seg absolutt med litt varme – blir fyldigare. Den er litt grumsete og uferdig, ikkje noko eg absolutt må prøve igjen når eg er på schouskjelleren.

20
okt

Snake Dog IPA

Bryggeri: Flying Dog Brewery
Type: Snake Dog IPA
Alkohol: 7.1%
Stil: IPA
Tilgjengleg på vinmonopolet

Aroma: masse sødme, aprikos, lys saftig frukt, så kjem humlen fram, honning, masse sødme!
Smak: søt humle med honning og aprikos, sitrus, litt grapefrukt, så kjem meir humlen gjennom
Avslutning:  relativt kort, kunne tenkt meg litt meir avslutning på denne

Ein søt IPA, ikkje ein eg kan drikke fleire flasker etter kvarandre av. Blir ganske intens i smaken, vist du kan ta deg litt tid med den så veks den litt på deg, men eg synst det blir litt for søtt med ein grapefrukt smak som ikkje fell heilt i smak for meg.

3
okt

Lia Fail

Bryggeri: Inveralmond
Type: Lia Fail
Alkohol: 4.7%
Stil: Premium Bitter
Trur eg kjøpte denne på Meny

Aroma: karamell, malt sødme, bitre utonar
Smak: lett karamell, god lett (sitrus) bitterhet, god malt, lett krydder
Avslutning:  tørr honning

Ein enkel og grei bitter som er ok å drikke men som ikkje står fram som den store vinnaren.