Skip to content

Posts from the ‘Kjøp igjen’ Category

26
apr

Brewdog: Dead Pony Club

brewdog_dead_pony_clubBryggeri: Brewdog
Type: Dead Pony Club
Alkohol: 3.8%
Stil: Californian Pale Ale
Kjøpt på Meny

Farge: fin lysebrun
Lukt: litt gjær, sitrus, honning og humle
Smak: Masse smak på denne til å være såpass alkoholsvak. Masse sediment som eg ikkje veit om eg såg forrige gang. Absolutt noko eg kjem til å prøve igjen, eg likar humlesmaken til Brewdog, så dette fell rett heim hos meg.
Avslutning: Søt og lett avslutning som ligg lenge

Eit meget godt alternativ vist du skal ha butikkøl og likar IPA og/eller masse smak, denne skal handlast inn til sommaren

9
feb

Steen Brugge Tripel

Bryggeri: Steen Brugge
Type: Tripel
Alkohol: 8.7%
Stil: Abbey Tripel
Kjøpt på Vinmonopolet

Farge: gyllen kobber
Lukt: søtt og godt gjær som ein god tripel skal ha
Smak: masse små bobler som smakar godt gjær – det er friskt, fruktig, søtt og gjærsmak som gjer at ein tripel som regel gir sommar assosiasjonar. Dette er snadder.
Avslutning: Vidareføringa fra lukta gjennom smaken til avslutninga viser kva balanse i eit godt øl kan gi deg, denne bør du prøve.

Eg er spesielt glad i Tripel og belgisk øl, denne er god, men kjem ikkje heilt opp i det øverste skiktet når det gjeld tripel. Det har den enkle forklaringa at kvalitetsnivået på dei verkeleg gode er meget høgt. Når det gjeld mat kan eg tenke meg å prøve denne til litt godt modna ost og druer.

25
jan

Crowbar

Det er mykje som skjer på bryggerifronten i Oslo om dagen og rett over nyttår opna nok ein her i Oslo: Crowbar. Beliggenheten er  rett ved Cafe Sara i retning Youngstorget: 2 etasjar med masse sitteplass og eit kjøkken i overetasjen som serverar kebab, heimelaga chips og pattegris (grisen skal nok prøvast seinare, men  meir om det da).

Crowbar har ei imponerande tappelinje med ikkje mindre en 20 øl på fat, inkludert 5stk av eigeprodusert øl. Ellers på linja var det mykje nordisk og eit godt utvalg på flasker, så her er det god satsing fra dag 1.

Det er mulig å få ein planke med 5stk crowbar øl + ein valgfri fra fat (20cl – så ein får eit godt inntrykk av ølet, absolutt noko å starte med for å få ein oversikt over produksjonen.

Eg gikk ikkje for denne men smakt følgande:

Corneille – belgian blonde: fin søt lukt av gjær. Fyldig blond med masse smak (og da spesielt honning). Ikkje dum denne: enkel og grei å forholde seg til og ein god balanse.
Scream Ale: leskande god ale som ikkje gjer veldig masse av seg, grei sødme og litt krydder. Ikkje veldig utfordrande men ein god ale
Karasu – wasabi stout: lett leskande (!?!) stout. Litt krydder, fin kullsyre, enkel å forholde seg til. Kaffi og kakao og ein liten wasabi smak som gjer den spennande til å komme tilbake til seinare.  Beste av dei 3 crowbar øla eg prøvde.

Ikkje så mykje folk enda, men dette trur eg vil ta seg opp ettersom denne plassen blir litt meir kjent. Ein av tinga eg likte godt var oppdelinga av lokalet i mangen små «lommer» som gjorde at ein kunne sitte relativt for seg sjølv utan altfor masse folk rundt seg sjølv om det kom litt folk innom utover kvelden. Også bryggeutstyret da:

7
des

Haandbryggeriet – Dobbel dose

Bryggeri: Haandbryggeriet
Type: Dobbel dose
Alkohol: 9.0%
Stil: Dobbel IPA
Kjøpt på Vinmonopolet

Farge: Flott gyllen brun
Lukt: Graperfrukt og masse god bitterhet fyller nasa opp med forventningar om ein fyldig IPA, ein meget god sødme i denne flaska som gjer at eg kjem tilbake til den med jamne mellomrom. Balansen og reinheta i lukta jekkar forventningane opp ganske langt
Smak: Tenk IPA, berre mektigare med meir humle, nydeleg balanse og ein ettersmak som osar grapefrukt lenge! Dobbel IPA/imperial IPA, litt usikker her, men dette er ein mektig og fyldig IPA som berre må prøvast.
Avslutning: Fyldig humle og grapefrukt som ligg lenge og avgir masse god smak

Ein IPA som eg ikkje har prøvd på ei stund, men som eg kjem til å gå tilbake til meir kjenner eg: dette er mektig øl som eg sett pris på. Når det er sagt: dette er ikkje øl vist du ikkje likar humle eller ikkje tålar grapefrukt! Nedsida med denne må være at ein berre klarar 1 flaske, etter det er det vil det blir for masse.

7
des

Harviestoun: Ola Dubh Special 16 Reserve

Bryggeri: Harviestoun
Type: Ola Dubh Special 16 Reserve
Alkohol: 8.0%
Stil: Old Ale
Kjøpt på Vinmonopolet

Farge: Svart med eit raudt skimmer i seg, men mest svart, det ser tungt ut
Lukt: lakris, svisker, litt sødme som har ein meget god balanse, det blir betre ettersom den varmar seg opp: la den sitte litt og prøv igjen, ikkje forvent ein eksplosjon av lukt fra denne: den er meir tilbakelent og balansert
Smak: Det startar med mørk karamell og kaffi som legg seg tjukk i munnhola, etter første slurken skjønnar du fort at dette er ei flaske som du kan sitte lenge med, og som berre kjem til å bli betre ettersom tida går. Den har bitterhet i seg, men den er i bakgrunnen. Mørke frukter kjem ettersom den varmar seg opp og blir svært balansert.
Avslutning: Lang og mektig ettersmak som dominerar lenge, svisker og litt røyk kjem etter ei stund. Igjen: ta deg tid og la den ligge lenge!

Dette er ein Ale som har blitt lagra på Highland Park 16yo whisky fat, det blir søtt og mektig, men uten å bli for overveldande for meg – dette er snadderøl for ein lang vinterkveld. Vinmonopolet har hatt denne versjonen i tillegg til 12yo og 18yo versjonen på pola i Oslo, ikkje så mangen flasker igjen, så plukk opp eit par flasker for ein roleg kveld vist du likar porter og sødme i ein øl, berre ta deg god tid!