Skip to content

Posts from the ‘Kjøp igjen’ Category

10
des

De Molen – Bock

Bryggeri: De Molen
Type: Bock
Alkohol 6.2%
IBU: 36
Stil: Dunkler Bock
Kjøpt på vinmonopolet i Vika

Farge: kobber og mot raud-uklar brun
Lukt
: søtt gjær, appelsinskal, humle
Smak: søt med eit hint av røyk, litt humle og ein del gjær, litt karamell i sødmen, noko krydder inni her eg ikkje blir heilt klok på men som er lette å forholde seg til, noko tørka fruktig, tørr. Ein god del bobler som gjer den frisk
Avslutning: enkel og syrleg, ligg ikkje så lenge men sitt igjen med ein tørr gane som absolutt ikkje er ufin

Ein lett bock, smakt sammen med ein Ringnes julebock ville dei være i to forskjellege vektklasser, men fortsatt ein bock altså. Trur eg kunne tenkt meg eit ostefat til denne – ikkje tunge modne ostar men lette og lyse i smaken.

6
des

Rockefort Trappistes 10

Bryggeri: Brasserie Rochefort
Type: Trappistes 10
Alkohol 11.3%
Stil: Quadrupel
Smakt på brun pub i Gøteborg, tilgjengleg på vinmonopolet

Farge: mørkebrun med eit gyllent godt skum
Lukt
: mørke frukter – plommer, rosiner og god sødme som fyller nasa
Smak: dei mørke fruktene kjem fram igjen og det er masse smak – masse smak! mørk karamell, djup god sødme med ein god gjærsmak som berre ligg lenge og godgjer seg.
Avslutning: ein øl som berre ligg og gir fra seg masse god smak ettersom den utviklar seg, dette er fantastisk!

Trappistes 10 er eit av dei første øal fra belgia eg smakte og om det var godt første gang var det nydeleg denne gangen. Ein øl eg ikkje har besøkt så ofte som den fortjenar. Dette er det berre å kjøpe inn! Smakt til fritert camembert – som den passa godt til.

6
des

Ölvisholt Lava

Bryggeri: Ölvisholt
Type: Lava
Alkohol 9.4%
Stil: Imperial Stout
Smakt på brun pub i Gøteborg

Farge: Svart, veldig svart! Umuleg å sjå gjennom, flott farge på skummet
Lukt
: klar og tydeleg røyk, masse malt og litt lakris. Ikkje dum på nasa denne når ein får skifta fokus til denne type øl
Smak: Lettare en det ein skulle tru utifra smaken, men: dette er god og mørk humle med røyk, malt og ein dose lakris igjen. Røyka malt og ein lett sødme pakkar det heile inn
Avslutning: Denne sitt i munnen ei stund, ikkje dum, men kunne vore litt meir balansert

Første øl fra Island smakt, dette er ikkje dumt: kunne tenkt meg litt betre balanse, men som røyk-øl er dette godt

29
nov

Midtfyns Bryghus Jule Stout

Bryggeri: Midtfyn Bryghus
Type: Jule Stout
Alkohol 7.6%
Stil: Stout
Tligjengleg på vinmonopolet

Farge: Svart, svart og svart – så vidt eg ser ein gyllen raudtone heilt nederst i den tynne delen av glaset når eg held det opp mot lyset. Flott skum!
Lukt
: kaffi, mørk lakris, gode krydder som hellar mot litt sødme, litt malt og eit hint av bitterhet
Smak: denne smakar svart….. det er tjukt og sakteflytande øl som fyller munhola – nam! På samme tid er den «lett» å forholde seg til (litt paradoks slik sett), litt røyk innimellom gjer den spennande, sur kaffi (på ein god måte), litt bitterhet.
Avslutning: tjæra legg seg i  munnen og leikar seg med absolutt alle smaksløkar

Dette var mørkt og godt, vist du likar stout kan dette anbefalast! Litt usikker på kva dette kan nytast med, så eg må gå for denne heilt aleine i ein stol med litt god musikk og ei god bok. Må nytast over tid!

26
nov

Hansa – Juleøl

Bryggeri: Hansa
Type: Juleøl
Alkohol 6.5%
Stil: Dunkler Bock
Tilgjengleg på vinmonopolet

Farge: Raud-gyllen mot brun
Lukt
: litt gjær, karamell, litt sødme, for meg er dette jul!
Smak: lett sødme med malt og karamell, gjær på ein god subtil måte, dette er godt, brøddeig (tenk litt vassen gjærdeig), ok bitterhet – kunne tenkt meg litt meir bitterhet for å balansere mot feit julemat, litt mørke plomme-sødme og mørke tørka frukt i mellompartiet
Avslutning: gjer litt lite av seg, men den ligg som hansaen alltid har gjort: godt :)

Er litt prega av historikk på denne: dette er juleølet som eg har hatt på vestlandet kvart år sidan 1997! Smaken og lukta av dette ølet sett meg automatisk i julestemning og det har ikkje blitt verken dårlegare eller betre sidan i fjor.