Frydenlund Juleøl
Bryggeri: Frydenlund
Type: Juleøl
Alkohol 4.5%
Stil: Vienna
Tilgjengleg på dei fleste daglegvarebutikkar
Farge: lys raudleg
Lukt: malt og karamell må seiast å være hovudingrediensar for nasa sin del
Smak: Denne døde kjapt og gale – absolutt ikkje noko futt i den etter 2minutt hadde gått – masse malt, karamell og litt ufine tørka frukter som har solmodna og blitt dårlege.
Avslutning: gjærete og sur på ein litt dårleg måte, litt tunge tørke frukter og litt plomme heng igjen
Første butikkjuleøl smakt i år, og dette er ikkje noko å prøve igjen, har ikkje sett ein så død øl på lenge.
Brewdogs juleøl
Fekk smakt desse to fra Brewdog denne veka, det var ikkje store smaken, men dette var langt under kva eg forventar fra Brewdog! Ingefær og ein vassen øl som eg er glad eg berre hadde 4cl å smake. Rett og slett ikkje bra nok – berre å styre unna vist du ikkje er ekstremt glad i tynt øl som smakar ingefær. Eg har ei flaske ståande med ein tredje juleøl fra Brewdog ( med chili ) og eg håpar at den blir betre…. tbc
Fix
Bryggeri: Fix
Type: Premium Lager
Alkohol: ukjent
Stil: Lager
Smakt i Hellas
Aroma: lett gjær
Smak: litt malt/bitterhet/sitrus – veldig bra det ikkje er meir av dette
Avslutning: litt tørr avslutning
Carib Lager
Bryggeri: Carib?
Type: Lager
Alkohol: 5.2%
Stil: Lager
Smakt i Hellas
Aroma: humle, malt og honning
Smak: lett humle, smøraktig, honning og sukker, søt – alt for søt
Buckler
Bryggeri: Buckler
Type: Alcohol Free
Alkohol: 0.5%
Smakt i Hellas
Aroma: gjær….. dette lovar veldig dårleg
Smak: gjær, sopp, betre en Henninger – men det seier ikkje så masse, grønt grass
Tips: drikk vatn





