Skip to content

Posts from the ‘ymse’ Category

3
mai

361/365

2012.04.28: Perspektiv

7
apr

Bergen Streetart: Plante

30
mar

Evil Twin: Soft Dookie

Bryggeri: Evil Twin
Type: Soft Dookie
Alkohol 10.4%
Stil: Imperial Stout
Kjøpt på Vika

Farge: Svart diselolje 
Lukt
: behagleg mørk sødme som ikkje er ufin
Smak: tung mørk stout som er lett og sødmefull samtidig, masse smak på denne, oljete, mørkbrent kaffi og mørk kakao. Men, den har ein god sødme på seg som gjer den ikkje fullt så tung som den kan høyrest ut som. Mørke frukter og diselolje. Mot slutten av flaska blir dette litt i overkant mektig.
Avslutning: Denne sitt i ganen i lengre tid og legg igjen eit oljete lag av stout som du kan smake på lenge

Ein søt-mørk stout som det held meir en nok med ei flaske av om gangen, del gjerne denne med ein venn!

1
okt

Julepølse

Kvart år har foreldra mine hatt ein tradisjon med å lage julepølse – skikkelege pølser, ikkje slike tulle-julepølser du får på ein daglegvarebutikk. Dette er grove pølser som blir tørka ganske lenge fram til du får ein god tørr konsistens på dei. Heime i nordfjord fekk eg sjansen til å prøve ut dette for første gang: vi skulle lage pølser slik foreldra mine alltid har laga dei, men eg ville og eksperimentere litt…. Men meir om det seinare.

Før vi kjem så langt må vi først på sopptur:

Soppen blir tørka og oppbevart for mangen flotte måltid utover vinteren. Neste steg er å kna kjøttet inn med ei hemmelig krydderblanding:

Vi laga totalt 6kg med pølser, og dei første 4kg laga vi med oppskrifta som foreldra mine alltid har brukt, her blir det stappa kjøtt ned i maskina:

Så langt har vi fulgt den tradisjonelle oppskrifta, men eg kunne ikkje la være å eksperimentere litt: eg la av 2x500g med kjøtt og hadde så Laphroaig 10år whisky i den eine og Ægir Natt Porter i den andre:

Kna så dette godt inn i kjøttet:

og repeter prosessen med å lage pølser av dette som vist tidlegare. I tillegg laga vi ei runde med grunnoppskrifta der vi hadde oppi hjortekjøttdeig, tørka sopp og ekstra med tørka einebær for å få ein enda meir distinkt smak.

Vi enda da opp med:

  • Standard julepølse
  • Pølse med Ægir Natt Porter (ein av mine favoritt øl om dagen)
  • Pølse med Laphroaig 10år
  • Pølse med hjortekjøtt og tørka sopp

dette får da stå og tørke nokre dagar framover

Når tida nærmar seg jul vil eg komme tilbake med smaksnotat for dei forskjellege typane – kanskje det fungerar, kanskje ikkje – det lukta iallefall godt av kjøttet før vi lagde pølser av det! Eg har notert med mengde øl/whisky i oppskrifta og vil justere på dette neste gang vist ikkje dette eksperimentet fungerar.

29
sept

Vanvittig Røye Video

Det her er noko av det råaste eg har sett av røye video i norge! Må nordover til neste år og få meg 2-3 veker på vidda og fiske!