Årets første tur
Årets første tur med flugestanga blei gjennomført forrige helg: ikkje store fangsten (ikkje eit napp å kjenne), men for eit vær! Og med kokekaffi i fjæra kan ein ikkje akkurat klage så veldig mykje etter ein lang og kald vinter i hovudstaden!
Vakmag
Vakmag.com har publisert ein god straum av artiklar på nett det siste året, men nyleg kom dei ut med første papirutgava! Der det vanlege magasinet fort blir fylt opp med ok artiklar, masse reklame, glossy sider og til tider ok bilder har Vak lagt lista høgt med første nummeret: bilde kvaliteten er svært høg og skribentane har gjort ein særs god jobb med formidlinga av innholdet.
Det er litt forskjelleg inni her: Saltfluge, nydleg serie fra Island, laksefiske i Russland og ein bildeserie fra New Zealand som får meg til å bli litt meir en sommarklar når eg ser ut på isen som fortsatt ligg tjukk! Eit godt førstenummer som det eigentleg berre er å følge med på fra start. Håpar dei held kvaliteten både på bilde og tekst framover, vi treng magasin av denne kvaliteten her til lands!
Early Rise Flies
Dagens godmelding på pakke med Mustad krokar sendt fra USA: «Ja vi elske dette landet»!
Eg handlar ein del på ebay, har enda ikkje truffe på nokon som har levert dårlege varer – eg har alltid fått det eg skulle, men når dei skriv ei slik melding på pakken, da må eg berre skryte litt av Early Rise Flies!
Taimen.com
Er vel eit år sidan eg fekk tak i første bindestikke for å lage fluger sjølv, og dess meir ein sitt og lagar fluger dess meir utstyr og ting «treng» ein…. Dei som har vore borti det kjenner seg nok igjen ganske fort. Har handla ein del på ebay, men kom innom taimen.com for nokre veker sidan og bestilte ein «prøvepakke» (dvs. under 200kr for å unngå evt. toll) for å sjekke kvalitet og leveranse for framtidige kjøp. Pakken havna i postkassa etter ei drøy veke og alt eg hadde bestilt var der. God pakking, rask leveranse og gode prisar (på visse ting) gjer nok at eg kjem til å bestille meir derfra (sjølv om ebay har vore betre på krok kjøp i det siste).
No er det berre på tide å få seg ei makrolinse for å ta bilde av dei siste #32 fluene eg har laga!
Haust i nordmarka
Haust-turane i nordmarka har det ikkje blitt så mangen av i år, men ein siste tur før fredingstida i elv måtte til, masse smått som tok bittesmå våtfluer og nymfer (krok #20) kombinert med ei meget responsiv Whispercreek #4 stang gjorde dagen meget bra!
Oppunder land på motsatt side stod fisken tett, og eg fekk landa 6 små bekkørret i løpet av eit par timar.
Skal ta turen opp igjen her når fredningstida er over i november (så lenge det ikkje ligg alt for masse snø…..)









