Skip to content

Posts from the ‘hiphop’ Category

6
feb

Graffiti amsterdam

Desse bilda tok eg i Amsterdam for nokre år sidan, kven som har gjort desse er uvist, men eg likte veldig godt den oransje figuren på bildet.

30
jan

Karpe Diem: Tusen Tegninger

Karpe Diem kom ut med ein ny video for «Tusen Tegninger» fra «Aldri solg en løgn» i dag, ein flott video som du kan lese litt meir om på Karpe sin blogg. Det er og eit intervju på vg om låta:

Videoen er filmet i svart-hvitt i syv forskjellige gudshus. Karpe Diem ville vise likhetene mellom religionene.

- Vi lager ikke religiøs musikk selv om vi er religiøse musikere. Men akkurat på denne skiva følte jeg for å skrive om at jeg var muslim og hvordan det er å være ung og religiøs i dag, forteller Magdi.

29
jan

Big Ice og Oral Bee: Pionerer

Pionerer: straks ute!

Litt nyhende fra bloggen til Oral Bee i dag: Big Ice og Oral Bee kjem med ny plate i nær framtid: «Pionerer», her er det berre å følge med på kva som skjer framover! Med Big Ice sin «Trunk of Funk» ( sjå snippets under – eit meget bra album som du bør få tak i vist muligheten er der! ) ferskt i minne kan dette bli bra. Begge to har holdt på lenge no og tittelen på albumet reflekterar absolutt forholdet ein burde ha til denne stilen av hiphop i Noreg.

19
jan

Kompani 69: Hunddaga

Artist: Kompani 69
Album: Hunddaga
År: 2009
Plateselskap: Ukjent
ID: k690004

Kompani 69 fra nord-norge har holdt på sidan 2001 og består av Anders «Megafon» Kristoffersen, Tommy Payne og Patrick «RSP» Bottolfsen fra Harstad. Denne gjengen er godt kjent blant hiphop kjennarar over heile landet men blant resten av befolkinga er nok dette litt meir undergrunns musikk.

Hunddaga er det siste albumet fra K69 og har i det siste dukka opp gang på gang på spelelista mi. Grunnen er enkel: Gode beats, dyktige folk og tekstar som slår hardt på nord-norsk. Må seie at eg er imponert av RSP og ser spesielt fram til albumet som vistnok skal komme. RSP er ein av dei betre personane her i landet på mikrofonen: flyten og den særeigne stilen gjer at han lett kjem høgt opp på mi liste over folk ein burde holde eit auge med.

Om det fortsatt er mulig å få tak i dette albumet i fysisk format er ukjent, og så vidt eg veit er det berre gitt ut på CD. Digitalt er det fortsatt mulig å få tak i (sjekk linkar under). Om du ikkje høyrer på heile albumet så synst eg du burde ta deg tid til å høyre på desse låtane: «Blank«, «Krættur», «Hunddaga» og «120 te drømmeland«, sjå iallefall videoen eg har lagt til under her.

Eg manglar «Trick Shot» EPen fra K69, så vist du har dette på CD er eg interessert i å høyre fra deg.

Lytt på iTunes :: Spotify
RSP på: twitter :: facebook

18
jan

Graffiti i gamlebyen

Rett ved «Star Wars» veggen i Gamlebyen i Oslo er der ein vegg med nokre nye bilder som kom opp i haust:

Oversiktsbilde

Detalj fra hjørnet

Ansiktsdetalj

Free Neks

The zoo is over there!