Skip to content

Posts from the ‘hiphop’ Category

10
jan

Omtale: Lasse

Artist: Jaa9 & OnklP
Album: Lasse
År: 2011
Plateselskap: Sony
Produsert av: Slipmats, Nasty Kutt m.fl.

Jaa9 & OnklP har starta 2011 med å gi ut «Lasse», dette 6-spors mini albumet er det første av to i år: med «Geir» som kjem seinare i år har dei da gitt ut «Lasse & Geir», tilsammens ein hyllest til filmen med samme tittel: «Lasse og Geir» (sjekk 10min versjonen på youtube vist du vil ha ein kjapp introduksjon til filmen). Plata kjem både på CD og på mp3 via diverse digitale butikkar, men den kjem og på vinyl! Det skal dei ha, ikkje mangen norske hiphop plater som kjem ut på vinyl no om dagen.

Det er 8 år sidan Jaa9 & OnklP slapp sitt første album og dei har komt ein lang veg sidan den gangen. Denne gangen leverar dei eit meir reflektert album tekstmessig (sjølv om den litt rølpete partyfaktoren, som dei beherskar meget bra, dukkar opp).

selv om åra går og det er no jeg ikke kan forandre veit jeg hvor jeg står og at utgangspunktet er det samme

Eg har hatt nokre gjennomlyttingar no og Jaa9 & OnklP slår meg som meget gode på ordspel: dei leikar seg med ord og rim på ein betre måte en dei tidlegare albuma sine. Det er bla. interessant å høyre reflekteringa over seg sjølv og livet sitt på «Du Eller Jeg» som klart framstår som den beste låta på albumet. Men du har og partylåta «Partysvenske» som tar ting veldig på kornet (ja, eg bur på løkka).

Beatmessig er denne plata litt skeivt fordelt: dei to første låtane produsert av slipmat er ikkje heilt der det kunne ha vore, det blir litt enkelt i lydbildet føler eg. Midtseksjonen er bra, men det er mot slutten av plata det blir verkeleg bra: «High Five» produsert av Nasty Kutt framstår som ein meir gjennomført beat – det er betre harmoni og behagleg lydbilde i låta, komposisjonen er godt utført! ( Eg ser fram til å sjå kvar Nasty vil ende opp, han fortsett å imponere med beatsa sine). Heilt til slutt tar slipmat verkeleg i og leverar godlåta på denne plata: «Du Eller Jeg» som lett overgår dei andre produksjonane sine på plata! Dette vil eg høyre meir av!

Lytt på iTunes :: Spotify
På twitter: Jaa9 & OnklP

ikke mer å se, ikke mer å shoppe, jeg er redd det er for seint å redde joppe

Høyr albumet her:

9
jan

Omtale: Deep Green

Da har tida kome til ein ny kategori her på kvitre.no: musikkomtale! Dette vil bli korte og lengre omtalar av nye og gamle album som eg syns er bra (eller dårleg – dei treng litt omtale dei og) og som eg synst du burde lytte på. Først og fremst vil nok dette bli om hiphop, og eg kjem ei stund framover til å skrive om norsk hiphop sidan det finst få plassar som fokuserar på dette området (og eg har ei grei lita samling å plukke av). Men: det vil nok bli ein del utanlandsk hiphop og andre typar ettersom eg finn tid til dette.

N-Light-N: Deep Green

Artist: N-Light-N
Album: Deep Green
År: 1997
Plateselskap: Tee Productions
Produsert av: Tommy Tee
ID: TEECD0002

Eg må starte med eit av dei albuma eg har høyrt mest på gjennom tidene: «Deep Green» av N-Light-N (no kjent som Son of Light). Albumet var det første (og einaste til no) fra N-Light-N og det har altså rukke å bli heile 14 år!

Eg hugsar når dette kom ut: det var 1997 og tilstanden i Noreg når det gjaldt hiphop var så-som-så: nokre album var det blitt og ein del hadde utmerka seg, men så kom altså dette albumet og slo ned som ei bombe – produksjonen satt tett og tekstane og flyten til N-Light-N var milevis foran resten av gjengen som holdt på.

Tekstmessig er nok dette albumet fortsatt på toppen av det som har blitt gitt ut i Noreg – lite tomprat og nødrim som ein del andre har tendensar til. Tommy Tee har og levert beats til eit album som fortsatt er blant dei beste han har gjort.

Son of Light som han no er kjent som er på vei med nytt album (noko han har vore dei siste 10 åra), og forhåpentleg er det verdt ventetida sidan han skal følge opp «Deep Green». Problemet er nok heller at etter 14år forventar dei fleste eit album som er på høgde (og gjerne over) «Deep Green» , men med «Lift it up» som første singel fra det nye albumet lovar det iallefall bra!

Sett deg ned og lytt på dette ein dag du har litt tid til overs, trur ikkje du vil bli skuffa.

Finn albumet på: Discogs :: itunes :: Spotify

8
jan

Konsertar i mars

Dei siste par åra har det vore nok av gode konsertar i Oslo, og no i Mars bør alle kjenne si besøkstid og møte opp på følgande:

Common 24.Mars

Common har eg sett eit par gangar og han har levert kvar einaste gang. No derimot stiller han på Rockefeller med fullt band den 24.Mars (har ikkje sett han med fullt band før)! Common kjem med nytt album i 2011: The Believer, dette trur eg kan bli ein klassisk konsert som du ikkje bør gå glipp av!

Nas 29.Mars

Nas gav i 1994 ut «Illmatic«, dette er eit av albuma eg har høyrt mest på gjennom tidene, no kjem han til Oslo og Sentrum Scene den 29.Mars. Nas har hatt ei brokete fortid når det gjeld konsertar i Noreg, men dei siste par gangane har han faktisk møtt opp, så eg håpar på at denne positive trenden fortsett denne gangen og!

Ein ekstra bonus på Nas konserten er at Raekwon er booka som oppvarmingsartist. Eg har ikkje sett nokon av desse to live enda, men tilsammen har dei levert to album på mi topp 10liste over beste album nokon gang, så dette skal eg ikkje gå glipp av!

27
nov

Pumba, Chirag, Danny & OnklP

Litt laurdags musikk: Pumba har fått med seg Chirag, Danny og OnklP på ein ny låt produsert av Nasty Kutt: Stil

26
okt

Gratis joddski låt

Snøggblogg: Joddski har lagt ut ein ny gratis låt på twitter

Vist du ikkje har fått med deg «Bodø state of mind» mixtapen Joddski la ut for gratis nedlastning på kingsize.no tidlegare så få med deg den her.