Skip to content

Posts from the ‘mat’ Category

30
mai

30/365

2011.05.30: Gullerotsuppe

18
mai

Kylling med mango

Meget enkel og god oppskrift som er rask å lage:

  • Lag tomat og løk salat med balsamico og litt god olivenolje
  • Hakk opp 1/2 iransk mango (dei har endeleg dukka opp i butikken), ha i ein liten bolle og tilsett enten finhakka fersk chilli eller tørka chilli
  • Steik kyllingbryst
  • Steik asparges sakte i masse smør
skal ikkje meir til for å lage eit flott måltid!
13
mai

Tunfisk

Dagens bilde i 365-bilde serien var fra tunfiskmiddagen eg laga, bildet blei litt uklart men middagen var framifrå, så eg tenkte at oppskrifta måtte delast.

Oppskrifta her er for 2 personar (med utgangspunkt i denne oppskrifta):

300g fersk tunfisk – kjøpt på flyvefisken i Oslo, fantastisk butikk! Klem safta av 1stk lime og bland med finhakka kvitløk – eit par fedd (brukte her kinesisk kvitløk) og sesamfrø (både svarte og kvite).  La dette marinere i ca 30min. Mens tunfisken står og marinerar lagar du ein enkel salat: tomat, løk, sukkererter, avocado – dryss over litt olivenolje, avocado olje, salt, peppar.

Sett på steikepanna og ha rikeleg med smør i (ikkje spar på smøret her!), sett temperaturen ned litt, legg i asparges og steik sakte, dette gir ein nydeleg smak på aspargesen! Skyll panna, ha i olivenolje og skru opp temperaturen på maks. Når panna er gloheit legg du i tunfisken og steiker i 1 1/2 til 2min på kvar side, litt avhengig av kor tjukke skiver du har ( og kor rå du vil ha fisken )

Server tunfisken på ei seng av nudlar.

Middagen blei komplementert av ein Chablis Premier Cru som passa veldig godt sammen med fisken.

13
mai

13/365

2011.05.13: tunfisk middag

27
apr

Greenwoods

Var ein tur til Amsterdam i påska og vanlegvis er det kjekt å utforske nye plassar kvar dag, men når ein finn ein liten cafe rett attmed ein kanal som serverar ein rå frokost så er turen tilbake dit ganske kort (det var den forsåvidt, vi budde rett oppi gata). Ta turen innom vist du er i byn og smak på egg, bacon og nydlege grønnsaker.

 

Vegetar frokost