Skip to content

Posts tagged ‘ægir’

10
okt

Ægir: Julebrygg

Bryggeri: Ægir
Type: Julebrygg
Alkohol: 7.0%
Best før 18/10/2013 – lagra på vestlandet hos foreldra mine

Aroma:  søtt, litt skog, karamell og krydder, litt mørk frukt
Smak: god maltsødme, krydder, mjuk og behagleg smak, litt nøtter?, fruktig krydder, lett sjokolade, søt mørk honning
Avslutning:  søt avslutning som ligg med karamell, lett krydder og appelsinskal

Lettare en det eg hugsa Ægir julebrygg var, god karamell og kryddersmak som gjer at denne også kan nytast aleine.
Denne er god i 2år til og eg ser fram til å prøve denne igjen da for å sjå korleis den har utvikla seg – ikkje det at eg kjem til å vente 2 år med å prøve den igjen, dette er berre å kjøpe no når vi nærmar seg jul!

20
sept

Kollaborator

Nøgne Ø VS. Ægir

Ægir VS Nøgne Ø: samme bryggemåte, samme ingrediensar, ulike bryggeri og ulikt vatn – korleis kan dette gå? Ægir og Nøgne Ø slapp mandag 19.September desse to samtidig på utvalgte barar rundt omkring, eg måtte innom Håndverkerstuene etter jobb i dag og teste ut desse to opp imot kvarandre.

Bryggeri: Ægir
Type: Kollaborator
Alkohol: 8.6%
Stil: Doppelbock
Tilgjengleg på utvalgte barar

Aroma: lys sjokolade, lett malt og litt eplesyre
Smak: første som slår meg er sjokolademalt, frisk og syrleg, god fylde, ganske klare smakar – men ikkje så klart definerte som i andre Ægir brygg, litt nøtter (?? litt usikker her), mot slutten av glasset kom ein fyldig surhet
Avslutning:  litt klam avslutning i starten av glasset, når den blei litt varmare kom den seg

Eg kan like dette, men den treng god tid for å nytast.

Bryggeri: Nøgne Ø
Type: Kollaborator
Alkohol: 8.5%
Stil: Doppelbock
Tilgjengleg på utvalgte barar

Aroma: lett mørk lakris er første inntrykk, her er det kaffi-malt i motsetning til sjokolade-malt hos ægir, lite hint av sitrus, søtt, med litt varme får den litt meir karamell over seg
Smak: frisk syrlighet – så kaffi og mørk malt – er dette samme ingrediensane? søtt – hadde lurt meg om du hadde sagt det var ein porter…. enkel å drikke, noko kakao, denne er god dei første slurkane men tapte seg etter dette – blei litt masse sødme etter ei stund (meir en eit glass av dette er ikkje å anbefale), etter at den hadde fått stått og varma seg litt kom det litt svisker og mørk frukt fram.
Avslutning:  meir fylde en Ægir, litt døvande på tunga – trekk litt ned

Generelt er det masse smak på begge desse to!! Dette er øl ein må ta seg god tid med, vist ikkje vil smaksløkane gå litt overbord. For meg kom Ægir best ut av denne runda – Nøgne Ø blei litt for søt for min smak i kveld.

Ellers må eg seie at dette er ting eg håpar kan bli gjentatt! Ei slik utfordring gir innblikk i bryggeprosess og ulikhetar på tanken bak ølet når ein veit at utgangspunktet er det samme, utfordrar herved Haandbryggeriet og Kinn til neste runde!

17
mai

Ægir Påskesol

Ægir: Påskesol

Bryggeri: Ægir
Type: Påskesol
Alkohol: 4.7%
Stil: Dortmunder/Helles
Kjøpt på Meny Grønland i Oslo

Lukt: lys og lett, sitrus tonar, syrleg gjær? lys malt
Smak: banan, sitrus, litt bitterhet over seg som er ok, grei humlesmak.
Avslutning: grei malt som ligg ei stund, mjuk tørrhet som ikkje kjem heilt opp i smaksregisteret men er behagleg å forholde seg til.

Litt sein med å smake denne, men eg fant den plutseleg på Meny så eg måtte ta ein smak. Ikkje så distinkt og rein i smakane som andre brygg fra Ægir, ein grei øl for påskeveggen eller soldag.

6
mai

6/365

Øl smaking

20
mar

Ægir – natt

 

Ægir - Natt

Bryggeri: Ægir
Type: Natt – Imperial Porter
Alkohol: 11%
Tilgjengleg på vinmonopolet, 109.90,-/50cl

Lukt: mørk god malt, det her er svart natt, kaffi og sjokolade hint, litt lakris
Smak: kaffi, mørk lilla fløyel i munnen, djup maltsødme, mørke svisker, mørk sjokolade, sjølv om denne ser og smakar ganske tungt er den overraskande frisk

Ægir er eit av mine favoritt bryggeri i Noreg og eg fekk sjansen til å prøve denne på Håndverkerstuene – eit øl for haust/vinter, gjerne med ein mørk sjokolade eller litt tung/mørke frukt attmed. Du bør sette pris på ein tung porter for å kunne få maks ut av denne flaska, i tillegg er den på 11% men utan at alkoholsmaken er for framtredane, for meg så er dette neste full pott: 94/100 poeng.

Første gang eg såg denne flaska var på Grunerløkka brygghus, men dei skulle ha 229,- for flaska og det er over dobbel polpris – alt for dyrt spør du meg, men på Håndverkerstuene var denne prisa til sympatiske 125,- pass på kvar du bestiller denne flaska!