Brannhydrant på Hovedøya
Brannhydrantane på hovedøya har fått seg eit nytt lag maling – ein vanvittig kontrast til nakne tre og dødt løv!
Big Ice og Oral Bee: Pionerer
Litt nyhende fra bloggen til Oral Bee i dag: Big Ice og Oral Bee kjem med ny plate i nær framtid: «Pionerer», her er det berre å følge med på kva som skjer framover! Med Big Ice sin «Trunk of Funk» ( sjå snippets under – eit meget bra album som du bør få tak i vist muligheten er der! ) ferskt i minne kan dette bli bra. Begge to har holdt på lenge no og tittelen på albumet reflekterar absolutt forholdet ein burde ha til denne stilen av hiphop i Noreg.
Omtale: Lasse
Artist: Jaa9 & OnklP
Album: Lasse
År: 2011
Plateselskap: Sony
Produsert av: Slipmats, Nasty Kutt m.fl.
Jaa9 & OnklP har starta 2011 med å gi ut «Lasse», dette 6-spors mini albumet er det første av to i år: med «Geir» som kjem seinare i år har dei da gitt ut «Lasse & Geir», tilsammens ein hyllest til filmen med samme tittel: «Lasse og Geir» (sjekk 10min versjonen på youtube vist du vil ha ein kjapp introduksjon til filmen). Plata kjem både på CD og på mp3 via diverse digitale butikkar, men den kjem og på vinyl! Det skal dei ha, ikkje mangen norske hiphop plater som kjem ut på vinyl no om dagen.
Det er 8 år sidan Jaa9 & OnklP slapp sitt første album og dei har komt ein lang veg sidan den gangen. Denne gangen leverar dei eit meir reflektert album tekstmessig (sjølv om den litt rølpete partyfaktoren, som dei beherskar meget bra, dukkar opp).
selv om åra går og det er no jeg ikke kan forandre veit jeg hvor jeg står og at utgangspunktet er det samme
Eg har hatt nokre gjennomlyttingar no og Jaa9 & OnklP slår meg som meget gode på ordspel: dei leikar seg med ord og rim på ein betre måte en dei tidlegare albuma sine. Det er bla. interessant å høyre reflekteringa over seg sjølv og livet sitt på «Du Eller Jeg» som klart framstår som den beste låta på albumet. Men du har og partylåta «Partysvenske» som tar ting veldig på kornet (ja, eg bur på løkka).
Beatmessig er denne plata litt skeivt fordelt: dei to første låtane produsert av slipmat er ikkje heilt der det kunne ha vore, det blir litt enkelt i lydbildet føler eg. Midtseksjonen er bra, men det er mot slutten av plata det blir verkeleg bra: «High Five» produsert av Nasty Kutt framstår som ein meir gjennomført beat – det er betre harmoni og behagleg lydbilde i låta, komposisjonen er godt utført! ( Eg ser fram til å sjå kvar Nasty vil ende opp, han fortsett å imponere med beatsa sine). Heilt til slutt tar slipmat verkeleg i og leverar godlåta på denne plata: «Du Eller Jeg» som lett overgår dei andre produksjonane sine på plata! Dette vil eg høyre meir av!
Lytt på iTunes :: Spotify
På twitter: Jaa9 & OnklP
ikke mer å se, ikke mer å shoppe, jeg er redd det er for seint å redde joppe
Høyr albumet her:



