Cafe Oro
Land: Bolivia
Bonde: Teodocia Castro Conurana
Høgde over havet: 1490m
Bønnetype: Caturra og Criollo
Lukt: honning, bark, lakris, litt krydder
Smak: lys friskhet som kjem over fra lukta, litt bitterhet som er litt klam i munnhula, ganske tørr avslutning, litt sitrus i starten
Ikkje ein fulltreffer her, men ein ok kaffi som kan drikkast. Poengsum: 75/100.
Proper Job Powerfully Hopped IPA
Bryggeri: St. Austell Brewery
Type: St. Austell Proper Job IPA
Alkohol: 5.5%
Tilgjengleg på vinmonopolet, 49.90,-/50cl
Lukt: lys og lett sødme, god humle (kanskje lettare en det eg hadde trudd)
Smak: god maltsødme, mjuk på tunga, moderat bitterhet – ikkje så bitter som andre IPA eg har smakt,Fruktig, god tørr bitterhet i avslutninga som sitt ei god stund (smøraktig, på ein god måte)
Eg er veldig glad i ein IPA, og dette er ikkje dumt, ikkje ein øl som står veldig ut i smak, men det som er der er fint balansert. Denne kan godt nytast kald på eit svaberg til sommaren. Poengsum: 75
