Skip to content

Posts tagged ‘brewdog’

30
mar

Brewdog: Hops Kill

Bryggeri: Brewdog
Type: Hops Kill
Alkohol 7.5%
Stil: Amber Ale
Kjøpt på Vika pol

Farge: raud-brun, litt tåkete
Lukt: søt humle, ligg godt på nasa
Smak: søt humle og masse sødme som fort kan bli litt for masse. Personleg foretrekk eg meir humle-preg og bitterhet når det kjem til brewdog. Likar du red ale og godt søtt øl så er dette noko for deg, kunne kanskje tenkt meg å prøvd denne til ein søt fruktig dessert for å sjå om den kjem betre fram
Avslutning: tja, ok. litt sødme og hint av bitterhet.

Ein ok brewdog, men dette er ikkje heilt i stilen min. Vist du først skal drikke denne ville eg ikkje ha konsumert meir en ei flaske om gangen.

 

21
des

Juleøl og nytt mikrobryggeri

Det er Juleøl sesong igjen: vinter ute, mørkt og kaldt…. For nokre år sidan var juleøl for meg Hansa og Ringnes fra polet, ikkje noko meir. Etter at eg fekk smakt på ein del mikrobryggeri har dette endra seg litt: no om dagen går det mest i norske småprodusentar til jul. Det som er spennande med mikrobryggeria er at det gjerne blir batch forskjellar fra år til år – dei store produsentane blir som regel veldig like fra år til år.

Vist du ikkje har fått din dose med godt øl i år: ta deg ein tur til det lokale vinmonopolet og plukk ut eit par flasker. For meg blir det dei følgande typane i år:

Ægir: Julebrygg
Nøgne Ø: God Jul
Nøgne Ø: Underlig Jul
Haandbryggeriet: Bestefar

I tillegg har eg fått tak i ei flaske av BrewDog sin «Santa Paws» som eg skal nyte i romjula. Eg har planar om ei parallell smaking av alle desse og kjem tilbake med smaksnotatar i romjula.

Knut Albert (som skriv masse bra om øl – følg med på bloggen) rapporterar at det er planar om eit nytt mikrobryggeri i Oslo. Denne gangen skal det vistnok være i Høyres Hus, men, rapporten seier at dei høgst sansynleg ikkje kjem til å produsere øl når dei opnar. Håpar dette ikkje er den nye trenden:  grunerløkka brygghus er og eit «mikrobryggeri», men produserar ikkje øl enda og eg har ikkje sett nokon ting om når dette skal skje. Håpar trenden ikkje blir at ein kan kalle seg mikrobryggeri så lenge ein sett ut produksjonen av øl til ein av dei gode produsentane (Nøgne Ø, Haandbryggeriet etc.). Men det er veldig godt å sjå at det er fokus på godt øl om dagen (grunerløkka brygghus har masse godsaker inne!).