Skip to content

Posts tagged ‘film’

23
nov

Oslo film festival del #1

Det er få ting som kan passe så godt ein sein haust-dag som å komme inn i kinosalen, kjenne på følelsen av å gå på kino med andre som er like interessert i dette flotte mediet som du er, sette seg ned og oppleve at filmen startar til annonsert tidspunkt ( og ikkje med 20minutt reklame først ) og nyte ein god time eller to i relativ stillhet og respekt for kinosalen sin flotte atomsfære! Det er haust, og Oslo Internasjonale Film Festival har vart i 4 dagar, status så langt: 4 filmar, 3 gode og ein heller dårleg.

Slike festivalar er tidspunktet der ein kan oppleve eit utvalg filmar som ein ellers ikkje vil få mulighet til å sjå på kino, kanskje ikkje på DVD ein gang. Så eg nyttar høvet når det er festival i byen til å få med meg så mykje som mulig. Oppskrifta er som følger: bla opp i festivalheftet, gå gjennom dag for dag og kryss av dei ein kunne tenkt seg å sjå utifra dei få linjene det står skrive om den. Litt av fasinasjonen er å la seg styre litt av kva arrangørane har satt opp, sjå på filmar ein kanskje ellers aldri ville ha tenkt seg to gangar om å ha sett. Sjølvsagt: eit par avgjerder har måtte bli tatt ved hjelp av ein trailer og lett lesing sidan ein del filmar har det med å komme på samme tidspunkt. Men ellers er det godt å berre la seg forføre av det som er å få sett på kinoen.

Her er filmane eg har sett så langt:

Fredag: Cold Fish (imdb)
Interessant film fra Japan om eit par som eig ein fiskebutikk: deira heller kjedlege kvardag og kva som møter dei utanfor deira lille private boble av eit liv. Starten gir eit flott bilde av ein satt person som gir uttrykk for eit samfunn i total mangel på empati og framdrift. Personkarakteristikken av Shamoto som underdanig og som ein person som ikkje står opp for seg sjølv (eller sin familie) er flott tolka. Filmen utviklar seg til ein massemord/splatter/gore film med eit par scener som lett kan karakteriserast som provoserande for ein del, men som i filmen står fram som flotte (og viktige ) verkemiddel for hovedpersonen å ta stilling til.

Kan absolutt anbefalast!

Laurdag: Om Gud og Mennesker (imdb)
Satt i Algerie på eit kloster med 8 munkar er denne filmen igjen ein film eg kan anbefale å få med seg. Her derimot er tempoet tatt ned mangen hakk og vi følg munkane i klosteret i deira samhandling med den lokale landsbyen og den lokale styresmakta. Handlinga sentrerar rundt eit viktig spørsmål: skal (religiøse) terroristar presse dei ut av klosteret der dei oppheld seg? Det flotte med filmen er samhandlinga og den nærheta vi får med karakterane i filmen: dynamikken mellom dei, spørsmåla, trua, tvilen og ikkje minst religionen. Ei gripande scene mot slutten der dei alle sitt rundt eit bord og nyt eit måltid mens dei lyttar på klassisk musikk fekk håra på armen min til å reise seg – ingenting blir sagt, men heile filmen kulminerar her.

Ein flott film for ettertanke og refleksjon!

Søndag: The sleeping beauty (imdb)
Nei: den her tok eg ikkje. Skodespelarane gav meg ingenting, historia gav meg null og niks….. Muligens andre hadde ein fin kveld med denne, men det var iallefall ikkje tilfellet for meg. Beviser berre at det er ein fin ting med film festivalar: alt kan ikkje passe alle.

Mandag: Rare exports: A christmas tale (imdb)
Kan oppsumere denne enkelt: eg vil gå og sjå denne filmen ein gang til!
Fantastiske karakterar, flott historie, passa min humor  perfekt ein kald mandags kveld i Oslo! Eg kunne ha skrive langt og lenge om denne, men eg veit ikkje heilt kvar eg skal starte, så: sjå traileren og kom deg på kino:

Oslo Film Festival pågår fram til Søndag, og det er nok av filmar å få med seg: Kom deg på kino i dag!

Festivalkortet kostar 60,- men da får du ein dagens kaffi på Stockfleths kvar dag heile festivalperioden! Fleire rapportar kjem mot slutten av veka.

31
okt

sci-fi utstilling

Museet for samtidskunst ligg sentralt til i Oslo, og nært jobben, men eg har aldri funne vegen innom før denne utstilling har komt på plass: «Take Me To Your Leader! The Great Escape Into Space»

Denne utstillinga viser korleis kunstfeltet og science fiction-sjangren vekselvis har inspirert og påverka kvarandre. Ser ein bortanfor mutantar, utenomjordiske vesen, romskip og tidsreiser, kjem ein til eit grunnleggjande spørsmål for både kunst og science fiction: Kva er eit menneske?

Utstillinga har bla (originale) konsept skisser fra «A trip to the moon«, «Metropolis»  og «Barbarella» som i seg sjølv gjer besøket verdt ein tur. Den har eit stort utval flotte bilder, videoar, installasjonar etc. som gjer dette til eit obligatorisk besøk vist du er interessert i sci-fi (eller film generelt). Få spesielt med deg «Sci-fi VS fantasy», Alien bildet, dei fornevnte konsept skissene, og til slutt: stil deg heilt nærme den svarte monolitten som står midt i lokalet, sjå opp og nynn musikken fra 2001 stille til deg sjølv! Ei flott oppleving!

Bilder fra monteringa av utstillinga er å finne på flickr.

6
okt

Oslo Fright Fest

Oslo Fright Fest går av stabelen om eit par veker, og er du litt interessert i skrekk film og uavhengige filmar bør du ta turen oppom Oslo Studentersamfund mellom 19 og 23 oktober.

Filmar som Blood Simple (1984) av Coen brødrene, Mørke sjeler (2010) ein ny norsk skrekk film (trailer) og ikkje minst Plan 9 from Outer Space (1958) og Videodrome (1983)! Så her vil det absolutt bli mulighetar for å få med seg både klassikarar og ny spennande film. Av filmane på lista så langt vil eg nok anbefale Videodrome vist eg måtte ha valgt ein film.

Cannibal_Holocaust_movie.jpg

Men, ein av hovudattraksjonane er jo besøk fra Ruggero Deodato mest kjent for  Cannibal Holocaust, ein klassisk film innan sjangeren. Så her er det absolutt mulighet for å møte ein legendarisk filmskapar.

Det vil nok komme meir informasjon om festivalen på vevssiden den nærmaste veka, så hald eit auge med den for visningstidspunkt.

Når eg først er inne på film: «4xFilmgrøss Norske kortfilmgrøssere i særklasse» er ein ny DVD fra Norsk Filminstitutt som er å finne på bla Platekompaniet om dagen, har ikkje fått sett den enda, men ut fra omtale ser dette lovande ut