Haandbryggeriet: Haandbakk
Bryggeri: Haandbryggeriet
Type: Haandbakk
Alkohol: Ukjent
Stil: Surøl
Batch: #249
Smakt i bakhagen på Food Story (Grunerløkka)
Lukt: Fra servitøren opnar flaska slår den syrlege lukta mot ein, fra avstand skjønnar ein at dette er noko unikt. Sitrus, syrleg, boblande i nasa, alikavel pirrande.
Smak: Dette er ein øl ein må ta eit par-tre slurkar av før ein kjem inn i smaks-spekteret: syrlege bobler, surhetsnivået er høgt. Kirsebær og mørke bær.
Denne er lagra på eikefat i 2år før den blei tappa på flaske for ettergjæring. Dette er spennande, desverre er dette ikkje å få tak i på polet for denne kunne eg tenkt meg å lagra i 2-3 år for å sjå korleis den utvikla seg. Smak vist du er ølentusiast!
Juleøl og nytt mikrobryggeri
Det er Juleøl sesong igjen: vinter ute, mørkt og kaldt…. For nokre år sidan var juleøl for meg Hansa og Ringnes fra polet, ikkje noko meir. Etter at eg fekk smakt på ein del mikrobryggeri har dette endra seg litt: no om dagen går det mest i norske småprodusentar til jul. Det som er spennande med mikrobryggeria er at det gjerne blir batch forskjellar fra år til år – dei store produsentane blir som regel veldig like fra år til år.
Vist du ikkje har fått din dose med godt øl i år: ta deg ein tur til det lokale vinmonopolet og plukk ut eit par flasker. For meg blir det dei følgande typane i år:
Ægir: Julebrygg
Nøgne Ø: God Jul
Nøgne Ø: Underlig Jul
Haandbryggeriet: Bestefar
I tillegg har eg fått tak i ei flaske av BrewDog sin «Santa Paws» som eg skal nyte i romjula. Eg har planar om ei parallell smaking av alle desse og kjem tilbake med smaksnotatar i romjula.
Knut Albert (som skriv masse bra om øl – følg med på bloggen) rapporterar at det er planar om eit nytt mikrobryggeri i Oslo. Denne gangen skal det vistnok være i Høyres Hus, men, rapporten seier at dei høgst sansynleg ikkje kjem til å produsere øl når dei opnar. Håpar dette ikkje er den nye trenden: grunerløkka brygghus er og eit «mikrobryggeri», men produserar ikkje øl enda og eg har ikkje sett nokon ting om når dette skal skje. Håpar trenden ikkje blir at ein kan kalle seg mikrobryggeri så lenge ein sett ut produksjonen av øl til ein av dei gode produsentane (Nøgne Ø, Haandbryggeriet etc.). Men det er veldig godt å sjå at det er fokus på godt øl om dagen (grunerløkka brygghus har masse godsaker inne!).

