Hansa – Juleøl
Bryggeri: Hansa
Type: Juleøl
Alkohol 6.5%
Stil: Dunkler Bock
Tilgjengleg på vinmonopolet
Farge: Raud-gyllen mot brun
Lukt: litt gjær, karamell, litt sødme, for meg er dette jul!
Smak: lett sødme med malt og karamell, gjær på ein god subtil måte, dette er godt, brøddeig (tenk litt vassen gjærdeig), ok bitterhet – kunne tenkt meg litt meir bitterhet for å balansere mot feit julemat, litt mørke plomme-sødme og mørke tørka frukt i mellompartiet
Avslutning: gjer litt lite av seg, men den ligg som hansaen alltid har gjort: godt
Er litt prega av historikk på denne: dette er juleølet som eg har hatt på vestlandet kvart år sidan 1997! Smaken og lukta av dette ølet sett meg automatisk i julestemning og det har ikkje blitt verken dårlegare eller betre sidan i fjor.
Hansa: Julebrygg
Bryggeri: Hansa
Type: Julebrygg Ekstra Vellagret 2011
Alkohol 6.5%
Stil: Dunkler Bock
Tilgjengleg på vinmonopolet
Farge: mørk gyllen kobbar-raud
Lukt: søt malt, tørka frukt, noko syrlighet
Smak: søt malt fra lukta kjem igjen her, tjukk sødme fra mørke tørka frukt, ein bokk øl, syrleghet kjem i midpartiet og blir litt anstrengt, ok bitterhet
Avslutning: ok tørrhet som har ein grei karakter
Det klassiske juleølet fra vestlandet, likar standard juleøl fra Hansa betre når det kjem til mat. Ikkje så bra som Ringnes sin julebokk, men betre en Ringnes sin julebrygg – dette blei litt i mellom: ikkje fælt, men heller ikkje det beste som blir drukke til jul i år.


