Skip to content

Posts tagged ‘jazz’

23
mar

The organ club

Det kan skje av og til, ikkje så ofte kanskje, men det kan skje; du sett deg ned på ein konsert med ein person du eigentleg ikkje har hatt eit veldig nær forhold til og endar opp, 2 timar seinare, slått ut av stolen av den fantastiske musikken. Dette skjedde for litt over eit år sidan når eg såg «It’s snowing on my piano» konserten med Bugge Wesseltoft. Det som har fasinert meg med Bugge er den allsidigheten han har: dette fekk eg første gang oppleve i fjor på min første «The Organ Club», og igjen i går kveld.

Belleville på Soria Moria er ei intim lita scene med plass til kanskje 100 stk, i går derimot var det berre  ca. 25 personar som hadde tatt turen for å få med seg denne konserten. Eit altfor lavt tall og det såg heller glissent ut i lokalet: kvar er folk? Her er det berre å kjenne si besøkstid og møte opp neste gang «The Organ Club» samlast!

Ok, nok om det og over til musikken: The Organ club møtest på Torshov ein gang i blant med Bugge som maestro og nye deltakarar kvar gang. Den intime scena gjer at ein får eit godt og nært forhold til musikarane på scena. Kvelden var delt opp i to delar der første del bestod av Hammond orgel, trommer og bassgitar, etter pausa kom det med ein trompet, tilsammen snakkar vi om 2 timar og 10 minutt med pause.

For meg var første settet det beste: trommisen var han som imponerte mest i løpet av kvelden – rytmen, gehøret, samspelet, det genialt gale over musikken var nok til å ville sjå vedkommande igjen på eit seinare tidspunkt! Bugge på Hammond Orgel er jo og eit imponerande skue: betre innleving på tangentane skal ein leite lenge etter!

Dette kan eg like – ikkje berre er det jazz, men og elektronica, funk, rythm & blues, roleg jazz, eksperimentell «bråke-jazz» (finn ikkje noko betre ord for akkurat det no) og opptill fleire andre sjangrar gøymt innimellom.

Vist du var på konserten og kan komme med anbefalingar på noko eg kan lytte på som går i sporet til første del av konserten så vennlegst ta kontakt.

 

26
nov

Bilde fra The Organ Club

Eit stemningsbilde fra «The Organ Club» konserten eg var på tidlegare. Legg merke til Hammond orgelet til Bugge: lyden i det instrumentet er fantastisk!

18
nov

bugge wesseltoft

Eg fekk mitt første skikkelege møte med Bugge Wesseltoft for eit år sidan da eg blei bedt med på «It’s snowing on my piano» julekonsert her i Oslo. Etter dette har eg høyrt på musikken til Bugge mest gjennom Spotify og ikkje fått med meg nokon fleire konsertar. Men det er ein musikk eg tar fram når eg skal ha meg ei roleg stund eller berre slappe av litt.

I går derimot var det tid for «The Organ Club» på belleville som ligg i Soria Moria, «slottet»på Torshov, og avslapping var det ikkje snakk om i det heile! Programmet blei beskriven på følgande måte:

Bugge ønsker å gjenskape stemningen fra Amerikanske «After Hours Barer». Cool stemning, Herlig Orgel musikk med røtter i 60 og 70 talls Amerikansk Jazz,Soul, Funk og Space musikk. Kom Kom!!

Gjennom 2 sett på henholdsvis 50 og 60 minutt holdt «The Organ Club» oss fast fra første stund! Det var ein energi og utstråling fra dei fire på scena som var ubeskriveleg, og musikken var som beskriven over ei god blanding av ymse stilartar men dette blei beherska med stor overvbevisning! Det var spesielt å ha sett Bugge kun på «It’s snowing on my piano» konserten for deretter så å sjå han i denne intime settinga (maks 100stk i publikum): du ser han kosar seg, leikar med musikken (lyden av hammond orgelet er fantastisk) og spelar saman med resten av bandet på ein måte som berre gjer at du må bli hekta.

Bugge sa på slutten av konserten at det var gjort opptak, og at dette skulle kanskje bli lagt ut, så følg med på enten www.gubemusic.com eller www.jazzlandrec.com om det blir lagt ut der i nærmaste framtid. Det kan og være lurt å følge Bugge på twitter der meir informasjon vil bli lagt  ut.

Vist du er i Oslo 22.Desember vil eg anbefale å ta turen oppom igjen når Bugge inviterar til «The Organ Club  - Christmas specia

Lita oppdatering: Bugge skal ha «It’s snowing on my piano» konsert igjen i år den 4.desember på Oslo Konserthus.