Rammsund avskjedskonsert
Rammsund er eit band som eg har blitt minna på og blitt oppdatert på med jamne mellomrom dei siste 5-6 åra og hovudsakleg er det min nynorsk bakgrunn, og ikkje musikksmak, som gjer at folk har referert meg til dette bandet. Rock/Metal er ikkje det eg høyrer mest på, men eg har mine augeblikk med hard rock og elektronisk musikk (til stor forskrekkelse for ein del av mine vennar). Så når Rammsund skulle ha avskjedskonsert på John Dee var det første som falt meg inn: Dette må eg få med meg!
John Dee var utsolgt før konsertstart, men å komme fra ei rekke med hiphop konsertar gjennom tidene der det er obligatorisk med DJ + oppvarmingsband for å få folk i gang så var det litt vel stille og roleg den timen eg var der før konserten starta. Dette derimot fekk Rammsund snudd raskt på når dei tok til scena! Mine favorittar for kvelden: «Morgenstjerne», «Hjartet mitt brenn», «Eg vil», «Aske til aske» og eit par andre eg ikkje fekk med meg tittelen på vart spelt med ein stor intensitet. Gråbein (vokalisten) jobba iherdig med publikum (som og innebar klatring i taket over scena) og fekk dei med seg fra start til slutt på den 1t 40min lange konserten der publikum fekk dei ut 2 gangar for ekstranummer på slutten. Musikalsk var det veldig bra, men eg må og seie at lyden var veldig godt skrudd denne kvelden – det var klar og god lyd, når ein da og får eit fint bakteppe av lys under heile konserten er dette ei hending eg er veldig glad for å ha fått med meg.
Kuriositet: første gang eg har høyrt publikum rette på uttalelsen til ein vokalist – i det Gråbein uttalar «mye» høyrer eg kjapt fra mi venstre side: «det heiter mykje!!!»
Takk til Rammsund for det dei har gjort for målsaka og for å levere ein rå konsert i går kveld!


