Skip to content

Posts tagged ‘juleøl’

12
nov

Hansa: Julebrygg

Bryggeri: Hansa
Type: Julebrygg Ekstra Vellagret 2011
Alkohol 6.5%
Stil: Dunkler Bock
Tilgjengleg på vinmonopolet

Farge: mørk gyllen kobbar-raud
Lukt
: søt malt, tørka frukt, noko syrlighet
Smak: søt malt fra lukta kjem igjen her, tjukk sødme fra mørke tørka frukt, ein bokk øl, syrleghet kjem i midpartiet og blir litt anstrengt, ok bitterhet
Avslutning: ok tørrhet som har ein grei karakter

Det klassiske juleølet fra vestlandet, likar standard juleøl fra Hansa betre når det kjem til mat.  Ikkje så bra som Ringnes sin julebokk, men betre en Ringnes sin julebrygg – dette blei litt i mellom: ikkje fælt, men heller ikkje det beste som blir drukke til jul i år.

5
nov

Ringnes: Julebokk

Bryggeri: Ringnes
Type: Julebokk 2011
Alkohol: 9.0%
Stil: Bock
Tilgjengleg på vinmonopolet

Farge: mørk-mørk raud – nesten svart
Lukt
: søte mørke frukter, rosiner?, lett maltsødme, behagleg lukt som ikkje gjer så veldig masse ut av seg – ikkje veldig intens
Smak: tjukk og søt, karamell og kaffi, litt god humle kjem inn i midtpartiet og gir fra seg ein god bitterhet som ikkje er der så lenge, alkoholen er absolutt tilstede utan å være ufin (den er tross alt 9%), mykje betre balanse en juleølet til Ringnes i år
Avslutning: ligg lenge og utviklar litt smak av sjokolade og mørk malt (tenk malt-drops)

Dette er dessertølet for jula! Gi meg ei kremkake og eit glas med ringnes sin julebokk så er eg god og fornøgd til dessert!

4
nov

Nøgne Ø: God Jul

Bryggeri: Nøgne Ø
Type: God Jul 2011
Alkohol: 8.5%
Stil: American Strong Ale
Tilgjengleg på vinmonopolet

Farge: mørke-brun – nesten svart
Lukt
: vanilje, kaffi, sjokolade, lett røyk (hugsa ikkje den fra i fjor), lett hint av lakris. Behagleg søt lukt som eg kan sitte ei stund med
Smak: nam! Nøgne Ø skuffar ikkje med denne batchen heller (hmm… ingen batch nummer – eigentleg ikkje så viktig, men eg skulle likt å vist om denne hadde fått eit år på seg eller er av årets batch): røyken er klarar en i nasa, lakris, litt oljete tekstur som eigentleg berre er bra, kaffi – tenk litt søt kaffi og modna bær. Ein god del malt er det og.
Avslutning: god balanse som ligg lenge og sakte gir fra seg masse smak – absolutt ein øl for å nyte forran peisen på mørke vinter kveldar.

Dette er nok ein treff fra Nøgne Ø! Ikkje ein øl eg ville hatt til tradisjonell pinnekjøtt ( til det er den for søt ) men heller ein nyte-øl, når ein sitt og pakkar opp presangar og har litt søte kaker til dessert. Dette er eit måltid i seg sjølv! Dette er eit øl som tradisjonelt sett forsvinn raskt fra hyllene på polet, så kom deg ut og få tak i nokre flasker før det er for seint!

4
nov

Ringnes Juleøl

Bryggeri: Ringnes
Type: Juleøl 2011
Alkohol: 6.3%
Stil: Bock?
Tilgjengleg på vinmonopolet

Farge: Fin gyllen raudfarge
Lukt
: søt bock, lett malt, bomul-fylde-sødme, lett krydder
Smak: søt fylde som fyller munnen, litt krydder og karamell som dominerar, skuffande flat, litt malt hint ein plass
Avslutning: avslutninga er søtare og ikkje så god som eg hugsar ringnes fra tidlegare år, litt harskhet som eg ikkje hugsar at denne har hatt tidlegare år

Da var årets juleølsesong i gang! Masse godsaker plukka opp på første runde på polet. Starta i dag med Ringnes som tradisjonelt sett har vore ein god øl tidlegare år slik eg hugsar det – problemet er at eg ikkje har ført notat på denne tidlegare. Men: dette er ikkje godt nok til å nå opp til dei skikkeleg gode øla, kjenner at eg er litt skuffa, kanskje det er batchen, kanskje det var feil kveld for denne type øl. Må nok prøvast igjen.