Lam i stout
Det er fårikål tid og masse godt kjøtt i butikkane, tradisjonelt koking kunne ha vore ein plan, men med kulda og mørket i haust fekk eg lyst på ei irsk gryte med stout. Den tradisjonelle oppskrifta inneheld Guinness, men valget falt på ein Svart Hav fra Kinn (som eg har skrive om tidlegare). Dette er ingen eksakt oppskrift: ta det du har tilgjengleg og legg sammen i ei gryte: det er berre ein ting som er virkeleg viktig: nok tid i gryta/ovnen! Eg brukte ovnen, men dette kan gjerast på samme måte med ei gryte og lav temperatur.
Ingrediensar:
- Stout – kva som helst går bra, 0.5l
- Potet, gulerot (alt av rotgrønsaker kan brukast)
- Seleri
- Løk (skjer i 1/4 stykker)
- Kvitløksbåtar
- Timian/Persille
- 1kg fårikålkjøtt
- Tørka traktkantarell
- Kjøttbuljong
- Salt, peppar
Brun først kjøttet i eit par omgangar – ha på litt vatn og kok inn mellom kvar runde, ha kjøttet og avkoket oppi ei gryte og fortsett til du er ferdig med steikinga. Etter dette er det enkelt: ha i stout, litt kjøttbuljong, potet/gulerot og dei andre ingrediensane – mengde avheng litt av kor mangen personar du skal servere til. Igjen: Dette er ingen vitenskap, ha i det du ønsker. Min spesialingrediens i denne gryta er tørka traktkantarell som eg plukka på vestlandet i fjor – gir ein fantastisk smak til sausen!
Slik ser gryta mi ut før eg sett den i ovnen i 2-3 timar, prøv deg litt fram med temperatur (gryta mi har lokk og tar litt lengre tid å få ferdig) – eg brukte 2 1/2 time med temperatur på rundt 170 grader.
Gryta etter koking: kjøttet er nydeleg mørt og grønsakene har tatt til seg masse god smak fra avkoket etter steikinga og ølet. Serverte denne med Svart hav, men den er nok litt på søt-sida av stout så den passa ikkje perfekt men var interessant å prøve til – skal prøve ein litt sterkar/fyldigare stout neste gang.
Kinn: Pilegrim
Bryggeri: Kinn
Type: Pilegrim
Alkohol: 4.7%
Brygg nr: 72
Stil: Premium Bitter
Tilgjengleg på utvalgte butikkar
Lukt: nesten heilt fraværande, noko syrlighet, hint av korn
Smak:lett bitterhet over seg, noko sødme, lett humle som følg med over i avslutninga, litt enkel, den smakar ikkje vondt, men det er ikkje dei store utfordringane heller. Eit godt alternativ for meg i forhold til ein vanleg pils feks. Dette fordi eg sett pris på humlesmaken
Avslutning: Humle kjem som sagt fram, eller lett hint av krydder og grapefrukt
Ei midt-på-treet flaske fra Kinn, ikkje den beste men heller ei ok flaske ein kan slappe av med uten å få smaks sjokk. Godkjent.
Kinn Jubileum
Bryggeri: Kinn
Type: Jubileum
Alkohol: 4.7%
Brygg nr: 65
Stil: Belgian White
Tilgjengleg på utvalgte butikkar
Lukt: Søt, hint av gjær, våt, fruktig, litt sitrus. Ganske behagleg lukt på denne!
Smak:Første inntrykk er fruktig, skum-banan, sitrus og sødme, så blir den litt tørr, absolutt frisk i smak, dette er tørste drikk,
Avslutning: gjer ikkje så veldig mykje av seg, men det ligg ein tørr humle på slutten som ikkje er ufin, i tillegg kjem det ein bitterhet på slutten som er bra.
Nok ei flaske fra Kinn som eg har lyst å sitte heime i Nordjord og nyte ein sommardag, kan ikkje kreve så veldig mykje meir en det!
Kinn: Slåtteøl
Bryggeri: Kinn
Type: Slåtteøl
Alkohol: 6.0%
Brygg nr: 64
Stil: Saison
Tilgjengleg på vinmonopolet 99.90,-/75cl
Lukt: lys humle, hint av honning, lett å lukte på, friskt gras, noko lyse frukter her og sitrus
Smak: søt, lett gjær som ikkje er ufin på tunga, noko friske krydder, sitrus igjen fra lukta kjem gjennom, frisk, gode bobler! ein malt-fylde på starten som gjern den «tung» men alikavel enkel å forholde seg til
Avslutning: blir sakte tørrare, men gjer ikkje så masse av seg, noko krydder etter ei stund, humle kjem meir fram
Forfriskande Saison fra Kinn denne gangen, skulle ønska litt mindre gjær for at det skal bli ein veldig leskande sommar øl. Sitt og ønskar meg ein stort skalldyrtallerken eller berre å sitte på hovedøya og nyte ein slik – lovar godt for ein sommartur med litt varme i lufta!
Kinn: Vestkyst
Bryggeri: Kinn
Type: Vestkyst
Alkohol: 7.0%
Stil: Indian Pale Ale
Tilgjengleg på vinmonopolet 105,-/75cl
Lukt: karamell humle, sitrus, litt grapefrukt etter ei stund, lett sødme, luktar fersk
Smak: god malt, lett krema sur-ish med masse humle! syrleg-frisk smak
Avslutning: lang bitter humle avslutning
Nok eit godkjent produkt fra Kinn, ville kanskje valgt Bøvelen over denne, men eg likar ein god IPA så eg må nok anbefale denne og! Veldig masse sediment på denne flaska, så pass på slutten av flaska! Behagleg øl å berre nyte, er meir «kompleks» en andre IPA fra norge – Nøgne Ø/Haandbryggeriet/Ægir sine IPA er reinare i smak og ikkje så røff i kantane som denne.




