Skip to content

Posts tagged ‘kompani 69’

19
jan

Kompani 69: Hunddaga

Artist: Kompani 69
Album: Hunddaga
År: 2009
Plateselskap: Ukjent
ID: k690004

Kompani 69 fra nord-norge har holdt på sidan 2001 og består av Anders «Megafon» Kristoffersen, Tommy Payne og Patrick «RSP» Bottolfsen fra Harstad. Denne gjengen er godt kjent blant hiphop kjennarar over heile landet men blant resten av befolkinga er nok dette litt meir undergrunns musikk.

Hunddaga er det siste albumet fra K69 og har i det siste dukka opp gang på gang på spelelista mi. Grunnen er enkel: Gode beats, dyktige folk og tekstar som slår hardt på nord-norsk. Må seie at eg er imponert av RSP og ser spesielt fram til albumet som vistnok skal komme. RSP er ein av dei betre personane her i landet på mikrofonen: flyten og den særeigne stilen gjer at han lett kjem høgt opp på mi liste over folk ein burde holde eit auge med.

Om det fortsatt er mulig å få tak i dette albumet i fysisk format er ukjent, og så vidt eg veit er det berre gitt ut på CD. Digitalt er det fortsatt mulig å få tak i (sjekk linkar under). Om du ikkje høyrer på heile albumet så synst eg du burde ta deg tid til å høyre på desse låtane: «Blank«, «Krættur», «Hunddaga» og «120 te drømmeland«, sjå iallefall videoen eg har lagt til under her.

Eg manglar «Trick Shot» EPen fra K69, så vist du har dette på CD er eg interessert i å høyre fra deg.

Lytt på iTunes :: Spotify
RSP på: twitter :: facebook