Laurdagskaffi
Laurdagskaffi: madan estate
Land: Papa New Guinea
Produsent: Highlands Arabicas Ltd.
Distrikt: Western Highlands
Bønnetype: Typica, Arusha og Mundo Novo
Denne kjøpte eg 1/4kg av på løkka og lagde i presskanne. Ein veldig fin aroma – rund og mjuk, dette følg og over i smaken som er kremete, veldig lite bitter og eit hint av modne bær. Ein kaffi for ein roleg start på dagen.
Er tilgjengleg fra kaffekvern.no.
Torsdags øl

bilde fra schouskjelleren gruppa på facebook
Torsdag og ei runde på Løkka med ein kamerat på besøk fra Australia resulterte i følgande nye øl på Schouskjelleren:
Big Trouble Ale, 5%: bitter humle, honning, litt flat, drikke-øl ikkje nyte-øl.
Empress of India, 6.1%: veldig bitter, litt brewdog over det, lett, citrus, litt honning-humle
Begge to er greie sitte-inne-ein-vinterkveld-og-drikke øl, ikkje den store opplevinga (ikkje som #10), kjennest ut som at dei tar ølet litt for tidleg, skulle absolutt ha få stått og godgjort seg ei stund til.
Food Story på løkka
Romjulsaktivitet: Rusle opp i gata til Food Story og handle godsaker til forrett på 1.nyttårsdags middagen – sylta løk, tomat relish og Moustarde Violette! Skal bli ein fin smak til heimelaga julepølse (grov type) og ein god potetsalat.
Kan absolutt anbefale å stikke innom Food Story på løkka – både for eit godt utvalg i butikken, men og for restauranten der dei diskar opp med godsaker! Å busette seg på løkka har absolutt sine fordelar! (PS: dei har BrewDog i kjøleskapet vist du skal ha litt godt øl til maten!)

