Mikkeller: Spontanale
Bryggeri: Mikkeller
Type: Spontanale
Alkohol: 5.3%
Stil: Lambic
Tilgjengleg på vinmonopolet
Lukt: Frisk, syrleg som ein skal forvente fra ein lambic-stil øl, grønne epler
Smak: grei bitter surhet som får kjevane til å låse seg litt – skal være slik, eple-syrlighet igjen,
Avslutning: tørr syrlighet som ligg igjen ei god stund, sitrondrops
Litt usikker på korleis dei faktisk har produsert denne, men den er absolutt god, og har potensiale med litt meir lagring. Skal plukke opp eit par flasker og sjå korleis den blir om eit par år.
Cantillion Gueuze
Bryggeri: Brasserie Cantillon Brouwerij
Type: Cantillion Gueuze Lambic Bio
Alkohol: 5%
Tilgjengleg på vinmonopolet, 92.90,-/75cl
Lukt: Salt, syrleg, tankane går til spekemat, det her må berre være bra til ein forrett med speka kjøtt og pølser
Smak: oh… .syrleg! Masse syre her! Men, ganske så frisk når ein har tatt seg tid til å venne seg til denne, sitrus, salt kjøtt. Masse småbobler gjer den leikande i munnen. Dette er syrlege gule sitrondrops som gjer at du får frysningar nedover ryggen!
Denne hadde eg ein smak av på håndverkerstuene tildlegare i år, men kjøpte eit par 75cl flasker for å sjekke korleis den er over litt lengre tid og under meir kontrollerte forhold (den blei smakt under ei ølsmaking, og da kan det gå litt fort for seg til tider). Dette er øl ein må venne seg til, første slurken kjem som ein overraskelse på smaksløkane! Eg skal få tak i litt spekemat ein dag og undersøke om teorien min vil slå til.
Ein ting med denne flaska: best før dato er 2030! Eg skal kjøpe nokre flasker og opne i 2015, 2020, 2025 og 2030, så håpar eg på at denne bloggen fortsatt er i live og at eg kan sjå på korleis den har utvikla seg over lang tid.


