Tromsø og Løkka: mat
Var i tromsø denne veka for å kikke på nordlyset – hadde ein kamerat fra studietidene i Australia som absolutt måtte oppleve dette før han reiste tilbake til Sydney, litt meir om nordlyset i ein eigen blogpost seinare.
Litt om maten i Tromsø: var innom Aunegården (søstra mi jobba der for lenge sidan, så eg måtte innom og sjå) der lunsj var ein god pasta med fersk fisk, men det Aunegården er kjent for er kakene sine, så det blei ei fantastisk ostekake til dessert! Vist du er innom er det berre å prøve ut.
Var seinare innom Blå Rock og prøvde ein Astroburger (med blåmuggost) sammen med ein Nøgne Ø Julesnadder fra 2009 (Batch #543) – ein kombinasjon eg må seie fungerte fint i vintermørket. Blå Rock har eit godt utvalg av mikrobryggeri (vistnok det beste i Tromsø) og eg prata litt med ein ansatt der som var godt opplyst om utvalget sitt – stikk innom vist du er i nabolaget og ta ein prat.
Food story
Har prata litt om Food Story her før, og i går kveld var eg innom for å prøve den ovnsbakte torsken igjen. Prøvde denne med ein Ægir IPA som blei litt i overkant med humle, men passa ellers meget bra til fisken.
Food Story på løkka
Romjulsaktivitet: Rusle opp i gata til Food Story og handle godsaker til forrett på 1.nyttårsdags middagen – sylta løk, tomat relish og Moustarde Violette! Skal bli ein fin smak til heimelaga julepølse (grov type) og ein god potetsalat.
Kan absolutt anbefale å stikke innom Food Story på løkka – både for eit godt utvalg i butikken, men og for restauranten der dei diskar opp med godsaker! Å busette seg på løkka har absolutt sine fordelar! (PS: dei har BrewDog i kjøleskapet vist du skal ha litt godt øl til maten!)
