Skip to content

Posts tagged ‘middag’

13
mai

13/365

2011.05.13: tunfisk middag

6
mar

Håndverkerstuene middag

Håndverkerstuene har vore ein plass eg har vore innom ein del for å nyte det fantastiske utvalget dei har av øl, men rykta har gått på verdsveven at kjøkkenet der er utsøkt – dette måtte jo prøvast, så i går var kvelden der ein 3-retters skulle prøvast ut.

Ein tar utgangspunkt i 5-retters menyen og velg ut det ein ønsker, slik kan ein sette sammen noko som er passeleg for kvelden. Med utgangspunkt i menyen blei den følgande 3-retters menyen smakt:

Forrett: Kamskjell fra Hitra og kongekrabbe fra Frøya i lun potet- og purresuppe, denne blei servert med ein Haandbryggeriet Bavarian Weizen.
Kamskjell er ein ting som absolutt definerar ein god kokk – det er veldig lett å få det feil, men her var det perfekt bruna på utsida og lett rå i midten, akkurat slik eg vil ha det. Smakane var nydeleg balansert og Haandbryggeriet sitt øl passa perfekt til denne forretten. Ein rein nytelse!

Hovudrett: Variasjon av Norsk Gårdskylling med grønnsaker og potetpurre, servert med Buddweiser Imported Dark Ale.
Eit kyllingstykke m/bein, kylling-mousse og surra kylling m/timian, rosmarin og kvitløk. Igjen nydeleg balanserte smakar – eg var på Bølgen og Moi tidlegare i år og åt kylling der, det her er langt forbi kvaliteten dei kan komme opp med, den beste kyllingen eg har hatt. Øl fra Budweiser (den originale Budweiser, ikkje den amerikanske varianten) smakte fortreffeleg – maltblokk både i lukt og smak og kan nytast til både kylling og svin, berre synd at den ikkje er tilgjengleg på polet.

Dessert: Kaffemousse tilsmakt med Mikkellers Beer Geek Breakfast. Servert med hveteøl sorbe og Mikkeler Beer Geek Breakfast.
Hveteøl sorbe…. mmmm, dette var godt, friskt og tok smaksløkane min med overraskelse.  Når ein kom ned til kaffemoussen og tok ein smak av Mikkeler ølet var kvelden perfekt.

Eg har vore på nokre «high-end» plassar og ete middag før, men vist eg skulle ha anbefalt ein plass i Oslo så må det være her, kokkane presanterar eit nydeleg måltid, Amund og gjengen har valgt ut øl som passar perfekt og når servitøren er hjelpsom og veldig hyggeleg er dette berre å anbefale.