Amundsen bryggeri
Amundsen bryggeri har vore opne ei lita stund no, men det var først i dag kl 15.00 at deira første eigenproduserte øl kom på fat: VM-Ale.
Bryggeri: Amundsen Bryggeri
Type: VM-Ale
Alkohol: Ukjent
Filtrert: Ukjent (men ser ikkje slik ut)
Pasteurisert: Ukjent
Denne startar med ei lys honning lukt som blir komplementert av lett humle. På smak er første inntrykk lys sprudlete. Den har ein behagleg slutt, men den blir kanskje litt for anonym – meir drikkeøl ein varm sommardag det her. Litt lite bitterhet, men har ein frisk smak av syrlege sitron drops når ølet blir litt varmare. Med varmen kom og ein betre balansert humle på smak.
Ein grei Ale som ikkje gir dei store utfordringane når det gjeld smak, men for første batch er dette bra. Med 3 brygghus opna i Oslo dei siste 6mnd ser eg fram til kva Amundsen kan produsere, eg håpar berre at dei klarar å vente lenge nok før dei serverar ølet sitt (noko Schouskjelleren har slitt litt med).
Når det gjeld sjølve lokalet ser det greit ut, ein ikkje-noko-utanom-det-vanlege interiør, men dette går raskt i gløymeboka når ein ser 20+ tappekraner for øl (pluss gjeste-tårn) og ein rikholdig ølmeny på flaske (masse bra Belgisk ser det ut til). Når dei i tillegg reklamerar for «ølkjellar«:
Ølkjelleren er vår stolthet. Her lagres årgangsøl, sære øl og rariteter, kjente som ukjente øl, fra inn- og utland.
så er det klart at Amundsen satsar på Øl og at dette kan bli ein meget bra plass for mikrobryggeri og kvalitetsøl framover, eg skal iallefall tilbake! (og da skal eg prøve menyen deira som og såg fristande ut)
Ølsmaking på håndverkerstuene
I kveld var det ølsmaking på Håndverkerstuene (facebook) i Oslo, og Amund tok vel 20stk gjennom ei smaking på 7 forskjellege sortar øl. Håndverkerstuene har blitt ein meget bra plass for kvalitetsøl midt i Oslo sentrum og har eit rikt utvalg av gode sortar både på fat og flaske, i tillegg har dei kvalifiserte folk bak baren og eit meget bra kjøkken. Ein plass eg ikkje er på for ofte no om dagen, eg må ta turen innom her oftare.
Denne kvelden derimot var det ein introduksjon til forskjellege øltypar som stod på menyen og Amund hadde valgt ut 7 forskjellege typar som absolutt syner bredda til kva øl kan være. Kvelden starta med ein introduksjon til kva øl er og korleis produksjonen foregår for deretter å gå gjennom typane som eg har beskrive litt nærmare under her.
Dette er typen introduksjons-kveldar som ein bør delta på vist ein ikkje har for stor erfaring når det gjeld øl og ønsker å lære meir – sleng deg med neste gang dette blir arrangert: Håndverkerstuene har epostliste der du kan få meir informasjon om desse kveldane på. For ein relativt rimleg penge kan du få smakt eit godt utvalg av forskjelleg øl, ein introduksjon av kyndige folk og ikkje minst ein flott diskusjon med andre øl interesserte mennesker.
Lukt: lyst/lett bygg (tørr), lett sødme
Smak: tørr/bitter finish, fyldig bitter, god humle smak, startar veldig søtt i forhold til finishen
Ein pilsner for sommarkveldar som eit meget godt alternativ til standard pilsner som du får på butikken. Heimeside
Lukt: lett syrleg, grønne epler(!), ananas, tropiske frukter
Smak: Banan(!!), søt-syrleg, sommarøl med ein flott tørrhet i finishen
Nok ein øl for sommarkveldar – kan bli litt klissete vist du ikkje taklar banan smaken. Heimeside
Lukt: såpe (dog: god såpe), lys god humle
Smak: reine klare smakar, mjuk humle, lett sitrus, skummar lett i munnen
Grunnen til at eg reiste til Flåm i fjor sommar for å besøke Ægir: ein flott IPA. Heimeside
Lukt: syrleg, lukta litt for lite eigentleg
Smak: nydeleg bitterhet, tørr god humle, litt harsk bitterhet i finishen
Ein flott double IPA, men hadde nok vore betre fersk, dette var batch #505 fra 19. mai 2010. Heimeside
Lukt: aprikos, honning-sødme
Smak: masse bobler(!), løyser seg opp i munnen, godt balansert
Alternativ til aperitif eller nyttårsboblene?
Lukt: salt spekemat (geit/sau), syrleg
Smak: syrleg(sitrondrops), rabarbara, godt balansert
Den her kan lagrast fram til 2030, trur eg skal få meg nokre flasker og smake korleis den utviklar seg framover. Heimeside
Lukt: lakris, espresso, vanilje
Smak: veldig søt, dessertøl, brent havre(?), litt kvalmande etter ei stund
Kanskje servert sammen med ein søt dessert? Heimside
Juleøl og nytt mikrobryggeri
Det er Juleøl sesong igjen: vinter ute, mørkt og kaldt…. For nokre år sidan var juleøl for meg Hansa og Ringnes fra polet, ikkje noko meir. Etter at eg fekk smakt på ein del mikrobryggeri har dette endra seg litt: no om dagen går det mest i norske småprodusentar til jul. Det som er spennande med mikrobryggeria er at det gjerne blir batch forskjellar fra år til år – dei store produsentane blir som regel veldig like fra år til år.
Vist du ikkje har fått din dose med godt øl i år: ta deg ein tur til det lokale vinmonopolet og plukk ut eit par flasker. For meg blir det dei følgande typane i år:
Ægir: Julebrygg
Nøgne Ø: God Jul
Nøgne Ø: Underlig Jul
Haandbryggeriet: Bestefar
I tillegg har eg fått tak i ei flaske av BrewDog sin «Santa Paws» som eg skal nyte i romjula. Eg har planar om ei parallell smaking av alle desse og kjem tilbake med smaksnotatar i romjula.
Knut Albert (som skriv masse bra om øl – følg med på bloggen) rapporterar at det er planar om eit nytt mikrobryggeri i Oslo. Denne gangen skal det vistnok være i Høyres Hus, men, rapporten seier at dei høgst sansynleg ikkje kjem til å produsere øl når dei opnar. Håpar dette ikkje er den nye trenden: grunerløkka brygghus er og eit «mikrobryggeri», men produserar ikkje øl enda og eg har ikkje sett nokon ting om når dette skal skje. Håpar trenden ikkje blir at ein kan kalle seg mikrobryggeri så lenge ein sett ut produksjonen av øl til ein av dei gode produsentane (Nøgne Ø, Haandbryggeriet etc.). Men det er veldig godt å sjå at det er fokus på godt øl om dagen (grunerløkka brygghus har masse godsaker inne!).
øl på schouskjelleren
Når eg no har fått Schouskjelkleren mikrobryggeri i nabolaget har eg muligheten til å stikke innom for å sjekke kva dei til ein kvar tid har av lokalbrygga øl. No i desse juleøltider var eg snar med å stikke innom når eg såg at dei hadde fått sitt lokalbrygga juleøl på fat. Men først: 4 andre sortar som har blitt servert på Schouskjelleren i det siste. Eg noterar stort sett lukt og smak i stikkordsform når eg smakar på øl , kanskje du har andre smakar og lukter på akkurat desse sortane, men her iallefall mine inntrykk:
Batch x 5.5%, winter ale: lukt: søt humle, dette lovar godt smak: fyldig søt ale, god humle, hint av mørk honning, god finish – masse malt sødme, kunne fått stått litt lengre og modna seg før den blei servert, betre etter at den har fått varma seg opp litt. Dette er eit øl eg kan nyte lenge!
Wit 5.1%: lukt: sitrus, litt anonym, smak: lett weiz beer, sitrus, syrlig, grei fylde, eplejuice i tilslaget. Ok sommarøl.
Thunderbearstout 4.8% lukt: lite, overranskande lite! smak: kaffi, krema brente bønner, tørr finish! Hint av lakris, brent ved
Blondilox 5.7% lukt: sitrus smak: mjuk weiz beer, masse bobler, friskt, litt syrlig, lett tørr finish. Her snakkar vi vår og yr!
Så til juleølet. Endeleg har Schouskjelleren fått den tida dei trengte for å komme opp med eit øl som verkeleg passar seg. Vist dette er indikasjon på kvaliteten som kjem (eg har merka ei betring sidan dei opna ), så kan folk på nedre grunerløkka virkeleg glede seg over ein lokalpub som er komt for å bli!
Juleøl 5.4%: lukt: mørke bær, hint av kaffi smak: mørk malt, djup sødme, lett å drikke, passar til kjøtt, lang fyldig finish. Eg vil ha det her på flaske!
Bildet er tatt med iPhone og er litt kornete, men burde gi eit visst inntrykk på korleis det ser ut i kjellaren på schous plass.
Mikrobryggeri i Oslo
I dei siste åra har Øl i Noreg blitt betre og betre: Nøgne Ø og Haandbryggeriet har for meg opna augene for at det finst masse godt øl produsert her til lands. Små gardsbryggeri dukkar opp ( og blir lagt ned ), men i den store samanheng har det blitt eit mykje betre utvalg å få tak i, dette har og Vinmonopolet sett og har jobba ein del med å få spredt det gode ord om godt øl.
No har det endeleg komt eit nytt mikrobryggeri til Oslo: Schouskjelleren Mikrobryggeri. Dette har fått plass i kjellaren i det gamle Schous Bryggeri kvartalet nederst på Grunerløkka. Lokalet er flott: ein gammal kjellar med hvelva mursteinstak, bryggeritankane på utstilling i lokalet og ein stor flott peis bakerst i lokalet gjer det til ein kosleg plass å sette seg ned ein haustkveld med lokalt brygga øl i handa. (For meg gjer det faktum at det er 150m ned i gata til denne plassen at det blir eit meget godt alternativ). Ulempen med dette gamle lokalet er akustikken: når lokalet blir fyllt opp så går det ikkje lang tid før det blir litt vanskeleg å følge med på konversasjonen i rundt bordet.
Men ølet: dei serverte 4 eigne sortar forrigen gang eg var der, Stout + Bitter var dei som eg falt for. Trur nok at det er ein del ting som kan gjerast med ølet, men dette er nok ein startfase dei går gjennom med å komme fram til sine uttrykk når det gjeld øl. Vist det er ein ting eg kan sette fingeren på så er det temperaturen på ølet: altfor kaldt! Det er nok best å kjøpe to øl, og da gjerne ei av flaskeøla dei tilbyr fra bla nøgne æ, for så å la det lokal-brykka ølet varme seg opp mens ein drikk den første.
Følg med på Schouskjelleren på facebook
Litt lengre oppi gata har det og opna eit nytt bryggerihus som er lokalisert mellom AkuAku og Bar boca, men dette har enda ikkje starta å brygge sitt eige øl (dette skal vist skje ein gang i løpet av 2011). Men: dei har eit flott lokale, enkel og god mat, og ikkje mist eit godt utvalg av mikrobryggeri på flaske og fat fra inn og utland.








